Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Sølvarbeid frå plate til krus


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

Eli Taugbøl


Sølvarbeid frå plate til krus

Start dato: 17.07.2017

Slutt dato: 23.07.2017
Påmeldingsfrist 5. juni

Kursnr.:1729

Lærar: Eli Taugbøl

På dette kurset skal du slå opp eit beger frå plate. Det blir eit beger med rette kantar. Vi brukar foldeteknikk. Det blir mykje støy og det kan vera krevjande fysisk. Eli Taugbøl er utdanna gullsmedmeister, har eigen verkstad i Morgedal  og har hatt 9 lærlingar i filigran.  Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 5. juni 

Mål:  Å hamre opp eit beger fra  sølvplate til et beger med rette sider. Vi bruker foldeteknikk. (Sjå fotoserie, link under) Ekstraoppgåve om nokon er raske, kan vere å lage mindre hammerarbeider som tomling (lite rundt beger) av messing eller kobber.

Ant. timar med lærar 42

Spesielle krav:  Det er ein fordel å ha halde i ein hamar før, eller ha kvista med øks :) Det kan kjennes litt tungt for rygg/skuldre og ein må slå ganske hardt. Elles trengs ingen erfaring med sølvarbeid.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.  Sundag: kurs 0830-1500

 

Det er fint om deltakarane sender ein epost eller ringer på førehand, så kan eg forklare arbeidsmåten nærmare.

Sjå biletserie om hamra krus med inngravering på Facebok, gull og grønne skoger:

https://www.facebook.com/Gull-og-Grønne-Skoger-488378621218621/photos/?tab=album&album_id=507886699267813

Utstyr:

Ta med pennhammer om du har ein.

Hørselvern.

Tynne arbeidshanskar kan vere kjekt.

Blyant, papir, linjal.

Lighter til å tenne på gassen.

Har du utstyr til anna sylvarbeid, kan du ta det med og jobbe litt med andre ting innimellom. Ein treng nokre pauser frå hamringa.

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Fellesundervising og individuelle rettleiing.

Pris: Kurs kr. 5700.-   Opphald og mat 3 døger kr 5880.-

Lærar:        Eli Taugbøl, 3848 Morgedal      

Tlf.:          35 05 65 99

Adresse:   Huvestadvegen 214A 3848 Morgedal

E-post: Eli.gullsmedSPAMFILTER@gmail.com <%20Eli.gullsmedSPAMFILTER@gmail.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Web adresse:  www.gulloggronneskoger.no

Facebook:     "gull og grønne skoger" eller "Eli Taugbøl"   

 

Sjå biletserie om hamra krus med inngravering på Facebok, gull og grønne skoger:

https://www.facebook.com/Gull-og-Grønne-Skoger-488378621218621/photos/?tab=album&album_id=507886699267813

 

Les artikkel om Eli Taugbøl

http://www.varden.no/2.27393/fant-idyllen-langt-inne-i-skogen-den-gronne-1.872622

17. - 23. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.