Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Metalltrådarbeid


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

Mayliss Bredesen


Metalltrådarbeid

Start dato: 05.10.2017

Slutt dato: 08.10.2017

Kursnr.: 1757

Lærar: Mayliss Bredesen

Påmeldingsfrist 24. august

På dette kurset blir du kjent med metalltrådarbeid og fleire forskjellige vevteknikker / samanføyingsteknikkar som ein kan bruke. Her er det mange muligheter. Tradisjonelt var dette handverket kalla loffekunst, taterarbeid eller strengarbed og det blei laga vispar, krokar, gryteunderlag m.m. På dette kurset skal vi lage ljosestakar, smykkestativ, fat, tre med teljos til å henge på veggen, lamper med teljos til å henge i taket m.m. Det som blir laga kan pyntast med perler og prismer. Materialet er ståltråd og du kan lage nesten kva som helst, det er berre fantasien som set grenser. På kurset blir det bruka både vanleg ståltråde og svart tråd. Mayliss har arbeide med dette handverket i mange år.

Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 24. august.

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Bli medlem i Rauland Husflidslag, bli medlem i Rauland Husflidslag

Bli medlem i kunst og design i skolen www.kunstogdesign.no

Bli medlem i Norsk Knivforening http://norskkniv.no/hvem-er-vi.html

 

Kursplan:

Mål: Å lære fleire veveteknikkar som blir bruka i metalltrådarbeid. Lage fleire bruksting.

Ant. timar med lærar  22

Spesielle krav: Dette er eit nybyrjarkurs.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag : kurs 0830-1500

 

Studiematriell:

Du må ha med:

Nebbtang

Avbitar tang

Desse tengene får du kjøpt på Biltema eller Europris eller i en annan butikk som fører verktøy.

Ta med/på arbeidtøy, du kan bli skitten under arbeidet. 

Skrivesaker, og kanskje fotoapparat for dokumentasjon av arbeidsprosess.

 

Dette frå du kjøpt av Mayliss:

Metalltråd i forskjellige tykkelsar. Du treng fleire tykkelsar til bruk på forskjellige produkt.

Materialkostnad ca 400 kroner.

 

Metalltråd kan ein få kjøpt hos Panduro, der heiter tråden elefantråd eller blomstertråd.

Dei har metalltråd i forskjellige fargar.

Ståltråd får du kjøpt på Biltema. Dei har metalltråd i forskjellige tykkelsar.

 

Mayliss har maler til utlån på kurset.

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og

trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring

frå arrangør.

Arbeidsform: Ein del fellesundervisning, mykje praktisk arbeid og individuell rettleiing undervegs

Pris: Kurs kr 3800.- Opphald og mat i 3 døger kr 2940.-

Lærar:        Mayliss Bredesen

Tlf.:           41598933

Adresse:    Lykkejune 17, 3801 Bø i Telemark

E-post:       mayliss-kiss@hotmail.com

Mayliss er på Facebook          

5. - 8. oktober 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.