Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Maskinstrikking, kom i gang med "Designa Knit"


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

maria i trafikken


Maskinstrikking, kom i gang med "Designa Knit"

Start dato: 5.10.2017

Slutt dato: 8.10.2017

Påmeldingsfrist 24.august
Kursnr.: 1749
Lærar:  Maria Valsdottir

AVLYST

Lag dine eigne strikkplagg! Med dataprogrammet "Designa Knit" er det lett å lage ymse modellar og størrelsar. Her er kurset for deg som har kjøpt programmet, men aldri kome heilt i gang med å bruke det. Du må ha god basiskunnskap på strikkemaskin for å bli med på kurset.  Ta med eigen strikkemaskin og datamaskin med program, bruksanvisningar, kablar og det som høyrer til.

Dataprogrammet må vera oppdatert til Dk8. Oppgradering kan du bestille hos Maria eller hos næraste forhandlar. Ta gjerne med garn dersom du har noko spesielt du ynskjer å starte på.  Du kan ta kontakt med Maria dersom det er noko du lurar på. 

Kurs torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 24.august.

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Mål:Å lære det mest grunnleggande innan programmet Designa Knit.

Ant. timar med lærar 22

Spesielle krav:

Du må ha strikkemaskin med Designa Knit program.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag : kurs 0830-1500 

Ta med strikkemaskin og datamaskin med programvare, Designa Knit 8. Husk på å få med alle kablar og det som høyrer til. Ta med garn som høver til maskina. Dersom det er eit spesielt plagg du har lyst til å begynne på, ta med garn til det. Maria tek med ein del garn til utprøving som deltakarane kan få kjøpt.

Maria Valsdottir er forhandler av strikkemaskiner. Dei som melder seg på kurset får 10% rabatt på strikkemaskiner, ribapparat og fargeveksler

Ta med skrivesaker, saks og måleband, plastlommer og perm til prøver.

Litteratur: Marit Buset: Maskinstrikkeboka

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: gruppeundervisning og individuell rettleiing

Pris:Kurs kr 3800,- Opphald og mat i 3 døger kr 2940,-

Lærar:         Maria Valsdottir

Tlf.:             91664473

Adresse:            Bygdøy terrasse 14, 0287  Oslo

E-post:        maria@mariavals.com

facebook:            https://www.facebook.com/MariaValsdottir.Knit

5. - 8. oktober 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.