Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Kalligrafi


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Kalligrafi

Start dato: 9.11.2017
Slutt dato: 12.11.2017

Påmeldingsfrist 28. september  
Kursnr.: 1750 Lærar: Borghild Telnes

 Dette kurset høver for nye og erfarne kalligrafikunstnarar. Kurset gjev innføring i kalligrafikunsten. Vi tek for oss ulike skrifttyper innan vestleg kalligrafi. Det vert lagt mest vekt på italic (renesansekursiv); ei skrifttype som passar godt til invitasjonar, helsingar og liknande. I tillegg blir det undervist I layout og skrifthistorie. På kurset trenar vi på skrifttyper og bokstavformer og arbeider med enkle prosjekt der du brukar bokstavar og skrift (kort, enkel bokbinding o.l).  Dersom du har noko kunnskap om faget frå før, kan du arbeide med eigne prosjekt eller få rettleiing på det nivået du er på. Du får kjøpt materiell på kurset, men ta med det du har av kalligrafipennar, pennesplittar, blekk og vassfarge. Materiellkostnad: ca 300-500 kr. Heimeside www.firingan.com.

Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 28. September.

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Kursplan:

Mål:Kurset skal gje deltakarane ei  innføring i kalligrafikunsten. For dei som kan litt skal kurset gje påfyll og høve til å koma eit steg vidare med kalligrafi.

Ant. timar med lærar 22

Spesielle krav:

Kurset høver for nybyrjarar og dei som har prøva litt.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen. Deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag : kurs 0830-1500

Studiematriell:

Ta med dersom du har:

2 penneskaft. 4 stk pennesplittar med reservoar, ulike bredder, minst 2 HB blyantar,

blekk, limstift, og lærebok.  Alt dette kan du få kjøpt på kurset. I tillegg kan det koma noko utgifter til papir. Materialutgifter ca.Kr 300 – 500.

Anna du kan ta med:

Vinkellinjal, rett, lang linjal, Anna kalligrafiutstyr, teikneutstyr og maleutstyr ( t.d. fargeblyantar, akvarellfargar, gouachefargar / dekkfargar)

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:Fellesundervisning og individuell rettleiing.

Pris:Kurs kr 3800 ,- Opphald og mat i 3 døger kr 2940,-

Lærar:         Borghild Telnes

Tlf.:             35052920 mob. 48030097

Adresse:     Firingan, 3840  Seljord

E-post:        firingan@hotmail.com

Web site:     www.firingan.com

Facebook:    Firingan Kalligrafi

Siste nytt. sjå bilete frå utstilling I Japan som Borghild er med på haust 2016   https://www.facebook.com/borghild.telnes?fref=ts

 Sjå artikkel om Borghild då ho hadde utstilling i Russland

9. - 12. november 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.