Hjem > Aktør > Raulandsakademiet > Kurskatalog 2013 > Maskinstrikking, Designa Knit


- Overnatting - Kurs - Servering


Maskinstrikking, Designa Knit

Start dato: 15.07.2013

Slutt Dato: 21.07.2013

Påmeldingsfrist 3. juni

Kurs Nr.: 1307

Lærar: Maria Valsdottir

Bli kjent med dataprogrammet Designa Knit. Det blir undervist i Designa Knit versjon nr 8. På kurset vil vi gågjennom dei mest bruka teknikkane. Ta med eigen strikkemaskin og utstyr som høyrer til eller du kan leige utstyr. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12. Påmeldingsfrist 3. juni.

Kursplan:

Mål:

Å bli kjent med og bruke dataprogrammet  Design Knit.

Spesielle krav:

Kurset høver best for dei som har strikka ein god del på maskin. Alle må kunne arbeid sjølvstendig.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.

Sundag: kurs 0830-1200

 

Det blir fyrst undervist i maskemønster og snitt. Vi håper at deltakarane skal få tid til å stikke eit ferdig plagg under kurset.

Det kan vera lurt og tenke ut på førehand kva ein har lyst til å strikke, modell og garn.

Dersom det blir tid går vi vidare i å utforska alle moglegheitane som er i DesignaKnit.

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Studiematriell:

Ta med eigen strikkemaskin og bærbar datamaskin med strikkeprogrammet DesignaKnit versjon nr 8.

Ta med alle handverktøy som du har.

Ta med skrivesaker, målband og saks.

Ta med garn som høver til strikkemakina.

Arbeidsform: Gruppeundervisning og individuell rettleiing

Pris: Kurs kr 5200,- Opphald og mat kr 4500,-

Lærar:         Maria Valsdottir

Tlf.:             91664473

Adresse:     Fredensborgveien 41, 0177 Oslo

E-post:        MariaSPAMFILTER@mariavals.com <MariaSPAMFILTER@mariavals.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Web site

Fylg Maria på facebook

 

15. - 21. juli 2013

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V