Smykke laga av metalltråd
Start dato: 28.6. 2012
Slutt dato: 1.7.2012
Påmeldingsfrist 16. mai 2012
Kursnr.: 1208
Lærar:Styhr, Hanne Nenah Torsdalen
Wire Wrapping, Wire Sculpture, Trådkunst, vaierteknikk, denne teknikken har etter kvart fått mange namn. Å skape smykke ut av metalltråd utan loddingar og bruk av enkle reiskapar har blitt gjort i fleire tusen år. På kurset får du introduksjon til verktøy og material som blir bruka av "wire artist" (trådkunstnar). Du vil lære ymse teknikkar for å lage anheng, brosjer, armbånd og ringer i metalltråd med steinar eller perler. Vi brukar messingtråd eller kobbertråd (til trening) og 925 sølvtråd, steinar og perler. Det blir laga ei materialpakke til prosjekta, kostnadca. kr. 800,- Dersom du ynskjer å lage produkt utover dei planlagde prosjekta kan du få kjøpt meir sølvtråd og steinar på kurset eller evt. ta med sjølv. Du treng ikkje erfaring frå sølvarbeid for å vera med på kurset.
Hanne Nenah Thorsdalen Styhr har jobba som Wire Artist og sølvsmed i 9 år. Ho arbeider og med filigran. Ho har fullført mastergrad i tradisjonskunst ved Folkekulturstudiet i Rauland, HIT.
Heimeside: www.hannestyhr.com
Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12. Påmeldingsfrist 16. mai. Meld deg på før 1. mars og få 10% rabatt på kursavgifta.
Kurs kr: Kr. 2850,-
Opphald og mat kr: Kr. 1950,-