Fuglekikking
Start dato: 07.06.2012
Slutt dato: 10.06.2012
Påmeldingsfrist 26. april 2012
Kursnr.: 1256
Lærar: Borgehed, Anders
Er du interssert i fulgar? På dette tredagars kurset kan du lære deg meir om desse spanande skapningane. Det blir eit kurs som passar både for dei som er nybyrjarar, dei som vil gjere seg kjend med fjellfuglar for fyrste gong, og dei som vil utvikle si interesse med hjelp av rettleiing innan feltbestemming og fuglelåtar. På kurset vil vi vera ute på fuglekikkarturar heile tida så sant veret tillet det.
Vi skal besøke Møsvasstangen, eit stort våtmarksområde der særleg ender og vadefuglar held til. Her hekkar traner, svømmesniper og blåstruper. Vi kjem til å ta skogsturar der vi håper å få auga på skogsarter som lavskrike, korsnebb og hakkespette. Og sjølvsagt tek vi turen til fjells der vi håper at ryper, lappspurv og ringtroster vil halde oss med selskap. Kva slag fjelltur vi tek blir bestemt i gruppa. Alle turar går i eit stille tempo slik at det blir bra med tid til å nyte fjellet, drikke kaffi og ete nista.
Anders Borgehed er ein erfaren ornitolog, han har budd på Rauland i 5 år, han er svært godt kjent i området og veit kor ein skal gå for å finne dei beste plassane. Påmeldingsfrist 28.april. 10% rabatt når du melder deg på før 1. mars.
For spørsmål ta gjerne kontakt med Anders Borgehed tlf. 0046 703 744 154.
Kurs torsdag kl 19 til sundag kl 12.
Kurs kr: Kr. 2850,-
Opphald og mat kr: Kr. 1950,-