Kulturtilbod
Rauland er full av kulturtilbod om sommaren.
Her er forslag til aktivitetar i nærområdet.
Telemarkstunet.
Telemarkstunet ligg vegg i vegg med Raulandsakademiet. Tradisjonellt Telemarkstuen med ein samling lafta bygningar. Om sommaren er alle husa i bruk.
På Låven finn du eit stort handverkutsalg med varer frå 120 norske handverkarar. Det er utstilling av varer i både fyrste og andre etasje. I andre etasje vil du om sommaren finne handverkarar i arbeid.
I Eldhuset finn du ein vedfyrt steinomn. Det blir fyra opp og bakt kvar dag heile sommaren. Du kan få kjøpt ferske bakevarer kvar dag.
I Årestoga er det kafè med salg av kaffi, vaflar og kling, is, bøkar og souvenirar. Skjenkeløyve for øl og vin. Her er det også eit lite gardsmatutsal.
I Stallen held Torbjørn og Karin til med takkebakst. Dei sel heimebaka flatbrød og kling.
I Veslebur har sølvsmeden Ingolf Endresen verkstaden sin.
I Gardsjordstoga har sølvsmeden Inger Kolsrud Burås open verkstad, og James frå Malavi lagar tradisjonelle figurar i ibenholt.
Tursti
Ein ca 2 km. lang tursti. Rundløype som startar og sluttar på Raulandsakademiet og som går gjennom skogen og ned til Totak.
Avslutningshelg, Folkekulturstudia ved Høgskolen i Telemark, Rauland.
Kvart år i midten av juni har studentane si tradisjonelle avslutningshelg med konsertar, utstillingar og mannekengoppvisning.
Folkemusikkstudentane held konsert i Dyre Vaa museet. Studentane på folkekunstlinja stiller ut arbeid dei har laga gjennom studieåret. Her finn du arbeid i tre, sølv/metall og tekstil. I tillegg blir det stilt ut produkt laga på deltidsstudiet kreativ maskinstrikking. Tradisjonsmatstudentane syner kva dei har arbeidd med i løpet av året. Studentar som tek mastergrad i tradisjonskunst stiller ut sine arbeid. Sundag kl 1600 kan du oppleve Fashion Fesjå. Dette er ei spesiell mannekengframsyning der studentane viser fram smykke, klede og andre produkt laga gjennom studieåret. Gå ikkje glipp av denne helga midt i juni. http://www.hit.no/nor/HiT/Studiestedene/Studiestad-Rauland
Rauland Kunstmuseum
I0 minuttars gange frå Raulandsakademiet ligg Rauland Kunstmuseum. Rauland Kunstmuseum består av to skulpturmuseum: Knut Skinnarland og Dyre Vaa.
Knut Skinnarland skulptursamling med samling av hans arbeid. For eksempel skulpturen av Sondre Nordheim. I tillegg ein samling av trefigurar laga av Aslak Svalastoga. Kvar sommar er det ein ny særutstilling. Link til museet.
Dyre Vaa samlingane inneheld ei stor samling av Dyre Vaa sine verk, skulpturar, maleri og teikningar. Blant anna gipsfigur i full størrelse av svanefontena som står i borggården til Oslo rådhus. I andre etasje finn du skulpturar, teikningar, måleri og andre arbeid av Tor Vaa. I eit eige rom finn du tresnitt av Svalaug Svalastoga. Link til museet
Rauland Kunstforening.
I Krossen, Rauland sentrum, 1.3 km frå Raulandsakademiet, finn du Rauland Kunstforening sitt lokale. Dei har skiftande utstillingar heile året. Link til Rauland Kunstforening
Andre forslag:
Vest-Telemark museum på Eidsborg
Høgfjellscruice med M/B Fjellvåken på Møsvatn.
Innlandsfiske
Sykkelutleige, kano/båtutleige
Vemork, Rjukan med tungtvannsaksjonen og industriarbeidermuseet.
Dagstur over Hardangervidda til Hardanger.
Telemarkskanalen, Tur frå Dalen til Skien med Victoria
Sommarkurs:
Når du går på sommarkurs på Raulandsakademiet vil du kvar morgon få informasjon om kva slag aktivitetar, konsetar og andre arrangement som ein kan delta på . Sjå meir om kursverksemda under kurskatalog.