Link tab title



Raulandsakademiet > Aktuelt > Viser i sentrum


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Viser i sentrum

Den årlege visefestivalen er flytt til Raulandsakademiet i år! Det vert konsertar, kurs, quiz og kåseri 22.-25. november!

Artistar i år: Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren, Jon Solberg og Anders Røine, Gøril Ramo Håve, Robbie Bankes og «Sveve» (Anne Grimstad Fjeld, Torgeir Hefre, Erling Eriksen, Oddbjørn Aase)

Les vidare for meir informasjon om artistane og konsertane!

Program:

Onsdag 22.11 kl. 20 i Grotten

SogeSong

Folkesongar Øyonn Groven Myhren og felespelar Anne Hytta dyrker balladen og presenterer SogeSong - ein konsert utanom det vanlige! Eventyrlege skildringar og vakre melodiar blir framført med song, lyrer og middelalderfidler. Alderdommeleg og flunkande nytt. Dei varierte instrumenta og klangane bygger opp under det alderdommelege preget, men framføringane er høgst levande frå to framståande folkemusikarar med røter i Telemarkstradisjonen.

http://www.annehytta.com/sogesong.html

Billettar kr. 200,- / kr. 100,- studentar

Torsdag 23.11 kl. 19 i Myllarsalen 

Frode Nyvold 

Foredrag og Kåseri - Kva har sosialisme å gjere med Amerikansk visesang? 

Nyvold har med seg Michael Beauchamp og Laurel Premo frå Michigan som spelar eksempel frå dette repertoaret. 

Gratis inngang

Fredag 24.11 kl. 20 Vinjesalen

Jon Solberg og Anders Røine

Jon Solberg frå Bø i Telemark er kjend for dei fleste gjennom grupper som Ni Liv og Ugras, men òg som soloartist. Ikkje alle songane han skriv finn seg til rette i dei ulike gruppene han spelar i, seier han: «Dei blir liggande i skuffen og rope etter hjelp. Ettersom åra går, hoppar dei ut av seg sjølv, ein etter ein, og vil ut i verda. Dei vil fortelje historia si.» Slik blei Svarteper til, mi fyrste soloplate.

Etter konserten vert det visequiz, drikkeviser og moglegheit for å synge med andre.

Billettar kr. 250,- / kr. 100,- studentar

https://www.youtube.com/watch?v=CXAvYDDUrOs

Laurdag 25.11 kl. 14 Årestoga

Minikonsert med Robbie Bankes

Gratis inngang.

Laurdag 25.11 kl. 15 Gamle Biblioteket 

Ukulelekurs m. Gøril Ramo Håve

I år vert det eit lynkurs i ukulele, der me lærer å kompe til «slagerar» frå den norske viseskatten. Musikklærar, multiinstrumentlist, folkemusikar og humorist Gøril Ramo Håve er instruktør. Kurset er både for unge og vaksne. 
Det er ein fordel om du har instrument sjølv, men Viser i sentrum vil h nokre ukuleler til utlån. Meld frå i god tid om du treng instrument.  Påmelding til Elin Moberg. <elinmobergSPAMFILTER@hotmail.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) Kursavgift kr. 100,-

Laurdag 25.11 kl. 20 Årestoga

SVEVE

Musikken SVEVE spelar er vanskeleg å sette i ein bestemt sjangerbås. Dei har henta «inspirasjon» frå viser, pop. jazz og folkemusikk. Alt som framførast er «heimelaga». Musikken er skriven av Torgeir Hefre, tekstane av Anne Grimstad Fjeld. Dei er alle nynorske. Kanskje er det eit kjenneteikn at musikken og tekstane er knytt tett til kvarandre, og at innhaldet i teksten får ein tydelig plass i konseptet.

Etter konserten vert det open scene leia av festivalvert Robbie Bankes i Gardsjordstoga!

Billettar kr. 250,- / kr. 100,- studentar

Mange mange takk til alle våre fantastiske sponsorar og samarbeidspartnarar.

Folkeakademiet

Raulandsakademiet

Folkemusikkscena på Rauland

Kulturrådet

Tinn Sparebank

Vinje kommune

AiR

Rauland Elektriske

Spar Rauland

Rauland Skisenter

Om artistane

Anne Hytta frå Sauland i Telemark, busett i Oslo, er hardingfelespelar og komponist som arbeider både med det tradisjonelle folkemusikkrepertoaret og med nyskriven musikk. Folkemusikkens smidige handsaming av melodilinjene er utgangspunktet. Som frilance musikar er ho involvert i ei rekke ulike prosjekt, frå middelaldermusikk til jazzinnspelingar til musikk for ny dansekunst.

Øyonn Groven Myhren har vunne landskappleiken i vokal to gonger, og motteke flere prisar. Ho er Sagapris-vinnar frå 1997. I tillegg til den norske folkemusikken, har ho arbeidd med middelaldermusikk, blant anna gjennom ensemblet Aurora Borealis. I 2001 gav ho ut CD-en Nivelkinn i samarbeid med Odd Nordstoga, og med tekstar av Aslaug Vaa. Dei vann Spellemannprisen i 2002 i klassafolkemusikk/gammeldans. 

Frode Nyvold er antropolog og folkemusikar. Musikk, identitet og kommunikasjon har vore teoretiske hovudtema i feltarbeid og skriftlege arbeid. Nyvold har vore utøvande musikar sidan 60-talet med konsertverksemd i Noreg og i utlandet og har medverka på fleire fonogramproduksjonar, mellom anna CD-en Skjemt og sjanti som vart nominert til spelemannsprisen 1998. Ved HSN, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk i Rauland, underviser han i song og torader og har kulturpolitikk og kulturhistorie som teoretiske hovudemne.

Michael Beauchamp og Laurel Premo I åtte år har Michael Beauchamp og Laurel Premo frå Michigan, USA samarbeida på utvikling av nye låtar og nye tolkningar av tradisjonelle balladar. Sammen er dei Red Tail Ring og har sloppe fire plater samt andre innspelingar. Beauchamp studerte engelsk litteratur og musikkvitenskap ved Universitetet i Michigan. I tillegg til å synge songar frå ulike sjangrar, spelar han gitar, mandolin og banjo. Premo studerte ormidlingsteknologi, også ved UM. Hennes musikalske karriere begynte med felespel sammen med familien. Etterkvart la ho til ‘clawhammer’ banjo og mange fleire folkeinstrument. Ho har fordjupa seg i Amerikanske ‘old-time’ musikk og andre folkemusikktradisjonar, inklusiv fleire frå Norden. Som Red Tail Ring har dei spelt over heile USA, samt Danmark, Tyskland, Sverige, Canada og no i Noreg!

Jon Solberg kjem ifrå Bø i Telemark. Han er ein strengemusikar som byrja å spele på pappas kassegitar da han var rundt 10 år. I tillegg spelar ha fele, banjo, lap steel og andre ting med strengar som lagar låt. Jon er kjend både som soloartist og bandmusikar, og særlig som frontfigur i gruppa Ni Liv. Han trivast som bandmusikar på scena med Ni Liv når han kan få glade publikummerar til å synge og hoppe, men han elskar au å sitta ned på ein stol med gitaren i fanget og synge sololåtane sine. 

Robbie Bankes begynner på topp med hans debut soloplate Foothills. Nominert til Young Performer of the Year på Canadian Music Awards, den Canadensiske sangskriveren og folkemusikkforskeren vekslar mellom å opphalde seg i sin heimby Calgary, Alberta og Rauland, der han studerer folkemusikk ved HSN. Han har ein moden musikalsk stemme i alle forstand. Med ein djup respekt og forståing av musikalske tradisjonar, oppnår han ein tydelig stemme som sjelden finnes ved første opptak. Robbie er like sjarmerande som han er dyktig og leverer hjarteknusande tekster om kjærleik og sorg. http://www.robbiebankes.com/music/

Anders Røine er ein norsk folkemusikar og komponist som blant anna spelar munnharpe og langeleik. Han er medlem i fleire gruppe som Sudan Dudan og Camilla Granlien Band. I tillegg har han arbeidd med ei lang rekke artistar i ulike sjangrar - Steven van Zandt, Sigrid Moldestad, Per Anders Buen Garnås, Valkyrien Allstars og mange fleire.

Anne Grimstad Fjeldhar tidlegare gjeve ut to CD-plater. Den første, Seljåsen – dyretrall og trollevers (barneplate) vart spellemannnominert og kjøpt opp av Innkjøpsordninga for fonogrammer. Den andre, Tein («voksenplate»), vart nominert til Edvardprisen for beste tekstar til musikkutgjeving. Anne har arbeidd som songar og tekstforfattar i mange år, og har sunge i alt frå små grendehus til Oslo konserthus. Ho har over tusen skule- og barnehagekonsertar bak seg, mange av dei i regi av Rikskonsertane. Anne har sunge i fleire grupper og har vore innom fleire sjangrar (viser, folkemusikk, jazzrock, pop …). Ho har motteke Telemark fylkes kunstnarstipend. Anne har laga tekstane til SVEVE.

Torgeir Hefre har skrive musikken SVEVE spelar. Han trakterer tangentar i gruppa. Torgeir har lang fartstid som musikar. Blant anna har han sidan 1979 vore fast medlem av Notodden Bluesband, og har spela med fleire anerkjente musikarar frå bluesmiljøet, blant andre Salomon Burke og Knut Reiersrud. Torgeir har skrive, arrangert og spela musikk frå ulike stilarter som storband, småjazz, dansemusikk, folkemusikk, viser, revy og musikal. Hans bidrag til musikkmiljøet i Telemark er stort. Blant kjente musikarar han har arbeidd med er Torild Sivertsen, Knut Buen, Agnes Buen Garnås og Ingunn Flatland. No har han tonesett eit knippe nynorske tekstar som Anne Grimstad Fjeld har skrive.

Oddbjørn Aase har også lang erfaring med arbeid frå eit mangfald av musikk-stilarter og samanhangar. Han er ein «multiinstrumentalist» som spelar slagverk, trekkspel, piano/orgel, bass og gitar. I SVEVE spelar han også «litt av kvart», etter som det passer seg. Oddbjørn har turnert mykje for bl.a. Telemarkkonsertar og Rikskonsertane. Han har spela i E-76 sidan 1999, og er «fast vikar» i Ni liv – både med bass og tangentar. Oddbjørn har motteke Kulturprisen i Seljord for sin store innsats i det lokale musikkmiljøet. Eigentlig er han komponist, med kandidateksamen i komposisjon frå Norges musikkhøgskole – og har difor hatt fleire oppdrag med å skrive og arrangere musikk, blant anna for Arve Moen Bergset og Telemark kammerorkester. 

Erling Eriksen spelar gitar og bass i SVEVE. Han har vore og er ein svært aktiv, utøvande musikar i Telemark, og har opp gjennom åra spelt i fleire band. Mellom anna spelte han i ein 10-års periode i gruppa Terry Lehns (country/folk-musikk) og i ca. 15 år i M-bandet (country/blues/pop-musikk). Ein periode var han òg del av ein trio saman med dei kjende Grenlands-musikerne Gøran Grini og Geir Fragell. Erling og Torgeir har tidligare samarbeida i ei rekke samanheng, særleg som musikarar i ei rekke revyar i Midt- og Vest-Telemark.

22. - 25. november 2017

man tir ons tor fre lør søn
     V  V  V  V  


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.