Link tab title



Raulandsakademiet > Aktuelt > Vinn eit kurs!


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Vinn eit kurs!

Konkurranse - VINN eit kurs etter eige val i 2018.

Svar på nokre spørsmål og du kan bli den heldige vinneren :-)

Få meir ut av turar i skog og mark! Bli kjend med fuglelivet i Rauland!
På dette tredagars kurset kan du lære deg meir om desse
spanande skapningane. Det blir eit kurs som passar både for
dei som er nybyrjarar, dei som vil gjere seg kjend med
fjellfuglar for fyrste gong, og dei som vil utvikle si interesse
med hjelp av rettleiing innan feltbestemming og fuglelåtar.

Heile kurset, utanom torsdag kveld, foregår ute. Vi skal
besøke Møsvasstangen, eit stort våtmarksområde der
særleg ender og vadefuglar held til. Her hekkar traner,
svømmesniper og blåstruper.
Vi kjem til å ta skogsturar der vi håper å få auga
påskogsarter som lavskrike, korsnebb og hakkespette.
Og sjølvsagt tek vi turen til fjells der vi håper at ryper,
lappspurv og ringtroster vil halde oss med selskap.
Kva slag fjelltur vi tek blir bestemt i gruppa.

 Alle turar blir leia av ein erfaren ornitolog som svarar på spørsmål og
finn dei beste plassane. Alle turar går i eit stille tempo
slik at det blir bra med tid til å nyte fjellet, drikke kaffi og ete nista.

For spørsmål ta gjerne kontakt med Anders Borgehed tlf. 0046 703 744 154.
Kurs torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Kurs kr: Kr. 2250,-
Opphald og mat kr: Kr. 1740,-



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.