Merka turstiar i Rauland
Rauland har eit turstinett på over 90 km merka fotturstiar med ulik vanskegrad. Stiane er merka etter skiltmalen til Innovativ Fjellturime.
Turstiane ligg mellom 700-1100 m.o.h og er innteikna på kartet "Turkart Rauland", som kan kjøpast på Rauland Turistkontor og andre turist- og handelsbedrifter i Rauland. På baksida av turkartet finn du fotturforslag.
Dei finaste og mest populære turstiane våre er Falkeriset, Te-hytta og Dansarsteinen.
Nokre av desse turforslaga kan du laste ned på www.visitrauland.com, eller kjøpe på turistkontoret for kr. 10,-
| man | tir | ons | tor | fre | lør | søn |
|---|---|---|---|---|---|---|