Frå hytte til hytte på Hardangervidda
Hardangervidda er Europas største høgfjellsplatå, og her ligg også den største nasjonalparken i Noreg.
Naturen er variert, med bratt terreng og svimlande utsikt. Det meste av området er lett å ferdast i.
Den Norske Turistforening har eit stort nett av hytter og merkte stiar. På Rauland Turistkontor kan du få kjøpt kart over desse stiane.
Populære utgangspunkt er Haukeliseter Fjellstue som ligg lett tilgjengeleg ved E134 over Haukelifjell og Mogen Turisthytte i enden av Møsvatn. Dit kjem du med katamaranen M/B Fjellvåken II frå Skinnarbu ved rv 37, eit fantastisk høgfjellscruise 919 m.o.h.
Planlegg turen på Hardangervidda ved å besøke nettstadene: www.telemarkturistforening.no og www.turistforeningen.no