Forside > Aktør > Rauland Turist AS > Fiske


Rauland Turist AS driver helårsåpent turist-og bookingkontor for Rauland, Haukeli og Vinje.

Rauland Turist AS
N-3864
Phone: +47 35 06 26 30
Email: infoSPAMFILTER@visitrauland.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


Fiske

I Vinje Kommune er det hundrevis av små og store vann som til sammen dekker et areal på 250 km2.

Likar du å fiske?

Då har Rauland, Haukeli og Vinje eit stort og variert tilbod til deg. Nedanfor finn du ein presentasjon av nokre av fiskekorta, samt Fiskeguiden, som er ei totaloversikt over fiskekort i Vinje kommune. Du må kjøpe fiskekort som gjeld for det vatnet du ynskjer å fiske i. Barn under 16 år kan fiske gratis – hugs gyldig legitimasjon.

Fiskeguiden viser kor lett det er å få tilgang til eit spennande og variert fiske i dei mange vatna og vassdraga i kommunen, heile året.

Heile eigedomen er på ca 90000 dekar, og ligg i høgdelaget frå 900 til 1400 m.o.h. Sportsfisket, småviltjakta og dei 7 hyttene som ligg spreidde på eigedomen er opne for alle.

Desse private og offentlege er eigedomane med på sams fiskekort for Vinje sin del av Hardangervidda: Storheller, Berunuten vest, Austre Vollane, Mogen, Li og diverse småeigedomar i og rundt Bitdal, dessutan Rauland Statsallmenning.

Haukeli Jeger og Fiskarforeining (HJFF) sitt fiskekortområde dekkjer mellom anna vatna Mannevasstjønn, Mannevatn, Holmasjøen, Poddevatna og delar av Bordalsvatn, Sandvatn og Årmotvatni (sjå kart). Alle desse vatna er på eit fiskekort.

Lognvikvatn er ikkje regulert og er 74 meter på det djupaste (ved Fundlid). Der er gode fiskestammer av aure og røye.

Lognvikvatn og Tansvatn er ikkje regulerte. Der er gode fiskestammer av aure og røye, mest røye i Lognvikvatn

Møsstrond grunneigarlag blei stifta i 1972, og tel i dag 46 medlemmer, som rår over omlag 95% av rettane i og omkring Møsvatn.

Rauland Statsalmenning er på omlag 68000 dekar høgfjell, 1300-1600 m.o.h. og går inn på kartblad Songavatn 1414I, Møsstrond 1514-IV (Statens Kartverk) eller Hardangervidda sør-øst (I.L.Dyre Vaa).

Rorgevatn (715 m.o.h) i Øyfjell kan by på aurefiske. Fisken har bra storleik, og det er ikkje uvanleg å få fisk kring ein kilo.

Rorgevatn (715 m.o.h) i Øyfjell kan by på aurefiske. Fisken har bra storleik, og det er ikkje uvanleg å få fisk kring ein kilo.


Bookmark and Share