Hjem > Aktør > Rauland Turist AS > Aktuelt > Olsok 2013 på Rauland.


Rauland Turist AS driver markedsføring, turist-og bookingkontor for Rauland, Haukeli og Vinje.

Rauland Turist AS
Telefon: +47 35 06 26 30
E-post: infoSPAMFILTER@visitrauland.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

N-3864


Olsok 2013 på Rauland.

29. juli blir det vandring mellom gravene på Rauland kyrkjegard.

Som tidlegare år, blir det også i år vandring mellom gravene på Rauland kyrkjegard 29. juli. Slekt av gravlagde vil fortelje om enkelte som ligg der. Etterpå blir det ei kort messe med musikkinnslag. Og om vêret tillet det, vert grauten og kaffien etterpå servert på kyrkjebakken ned mot Totak. Me får vone på godt ver denne dagen, det er så mykje trivlegare ute med sol og lite vind.

Olsok eller Olavsdagen er feiring av Olav den Heilages dødsdag 29. juli 1030. Kongen som har fått æra av å ha kristna Noreg. I middelalderen, då Noreg var katolsk, var olsok ein av dei viktigaste helgenmarkeringar. På grunn av Olav den Heilages spesielle posisjon i norsk historie, har ein halde fast ved denne dagen som ein nasjonal festdag også etter reformasjonen i 1536.

Det norrøne namnet er Olafsvaka, der vaka tyder nattleg gudsteneste før store kyrkjelege høgtider. Det medførte i tidlegare tider at hovudmarkeringa av olsok eigentleg fann stad kvelden før 29. juli.

Kvelden er arrangert av Rauland sokneråd i samarbeid med Rauland Historielag. Historielaget står for kyrkjegardsvandringa, medan soknerådet har ansvaret for messa og serveringa. Dette har blitt ein god og fin tradisjon etter starten i 1996.

Arrangørane ynskjer alle, både innan- og utanbygds, hjarteleg velkomne til kyrkjegardsvandring 29. juli kl. 1700 på Rauland kyrkjegard med messe kl. 1800. For dei som føler det kan bli litt tungt å stå ein heil time på kyrkjegarden, er det lurt å ta med ein klappstol. Den kan også bli god å ha på kyrkjebakken under grautserveringa.

29. - 30. juli 2013

man tir ons tor fre lør søn
 V            


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.