Hjem > Aktør > Øyfjell Sag og høvleri AS > Om oss


-kvalitet for framtida

Øyfjell Sag og høvleri AS
Telefon: 97 15 49 39
E-post: oyfjellsagSPAMFILTER@gmail.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Drivarbekkdalen 38, Øyfjell, 3890 Vinje


Om oss

Me driv verksemda vår i Øyfjell i Vinje og ligg gunstig til, rett ved hovudvegen, 15 km frå Rauland.

Våre kundar er alt frå privatpersonar til snikkerar, lafterar, byggefirma og riksantikvaren.

Ei lita familiebedrift

I Øyfjell Sag og høvleri er det fem tilsette. Arild Øygarden er dagleg leiar, med god hjelp av kona Anne-Lise og sonen Tor-Eivind. Dei har drive sagbruket sidan 1998.

I 2001 starta Anne-Lise høvleriet saman med ei venninne. Dei to damene dreiv høvleriet saman fram til våren 2012. Idag er saga og høvleriet slege saman til EI bedrift. 

Produkta våre

Me sagar det meste, alt frå vanlege bord til villmarkspanel, laft og spesialdimensjonar. Her får du òg takbord, "mesterkledning" og handhøvla åsar.

Det berømte Øyfjellsgolvet er ein av våre særmerkte spesialitetar.

Me høvlar alt som kan høvlast: listar, panel, golv, bjelkar og leigehøvling. Me kopierer også gamle profilar frå listar og panel, mellom anna til restaurering.

Les meir under produkt

Høg kvalitet og gunstige prisar

Me bygger vår produksjon på hundre år gamle tradisjonar og lovar kvalitet i alt me leverer.

Me har i tillegg samarbeid med ulike leverandørar og kan difor tilby det meste som trengst når du skal bygge.

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss – me hjelper deg gjerne!

Me held til i Straumekrysset i Øyfjell.

Trykk for stort bilete


Trykk for stort bilete

Trykk for stort bilete


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.