I hjartet av Telemark.
Nutheim gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell midt i hjartet av Telemark. Hotellet har vore i drift sidan 1877 som skysstasjon, handelssenter og overnattings- og serveringsstad.
Gjestgiveriet ligg idyllisk til innmed Europaveg 134 med ei slåande utsikt ut over Flatdal med fjellet Skorve sine fasinerande og dramatiske fargespel mot dalens grøderike botn.
Kunsten å vera gjestfri
Gjestgiveriet har vore i familiens eige sidan 1917 og tek framleis mot vegfarande og gjester til middag, lunsj, kaffe og overnatting. I dag driv bilethoggar Ellen Grøstad Barstad gjestgiveriet saman med dotter si Solveig.
Kunst gjennom 100 år
Nutheim gjestgiveri blir med rette kalla kunstnarhotellet i Telemark. I over hundre år har staden vore eit knutepunkt for kunstinteresserte. Veggane er fylt opp med kunstverk av fleire kjende norske kunstnarar og hotellet har sitt eige galleri der kunstnarar med tilknyting til Flatdal og Telemark stiller ut.
Heimebryggja øl og mattradisjon
Fleire generasjonars erfaring og matglede har gjort staden kjend for velsmakande heimelaga mat der alt er laga frå botnen. Fleire av matoppskriftene er overleverte frå mor til dotter, og her finn ein ekte mattradisjonar.
Vertskapet kan tilby eige heimebryggja øl frå Blengsdalen Bryggeri med ein frisk smak av humle, korn og fjellvatn.
Hjå oss kan du komme innom for å få frukost, lunsjrettar, middag eller bare ein kopp kaffi. Vi tar og imot planlagde arrangement og selskap.
Vi serverer tradisjonell mat med fokus på god smak og estetikk All vår mat er heimelaga, og tilverka med kjærleik og omtanke på vårt gode kjøkken.
Overnatting
Hotellet har 7 rom og saman med prestegarden 30 sengeplassar.
Selskap
I spisesalen kan det dekkjast til festmiddag for inntil 80 personar. Hotellet tilbyr òg lokalar til små konferansar med plass til inntil 25 personar.
Målarkurs
I 1960 starta Erlend Grøstad opp med målarkurs. Kvar sommar kan ein framle ta kurs i landskapsmåling på Nutheim under vegleiing av utøvande kunstnarar.
Prestegarden, ein stad for spesielle anledningar
I 1963 blei den gamle prestegarden frå Hjartdal flytt til Nutheim. Prestestova var åstaden for rettsoppgjeret etter bondeopprøret i Telemark i 1540, der 5 bønder blei halshogne.
Me på Nutheim gjestgiveri har lang erfaring med arrangere bryllaup og selskap. Me har til og med eige innvigd kapell i prestestova som kan nyttast til bryllaup og dåp. Stova er eit staseleg syn med sine vêrbitne tømmerveggar og sitt unike interiør. Tunet gjev ei flott ramme for selskap med sine tømra stabbur og loft i telemarkstil.
Meir informasjon kan du finne på heimesida: www.nutheim.no