Hjem > Aktør > Neset Telemark > Naturen inn i stova


- I Telemark, den norske rosemalingens vugge, ligger et enestående feriested.

Neset Telemark
Telefon: +47 908 70 700
E-post: bente.tvengeSPAMFILTER@gmail.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


Naturen inn i stova

TA: Frua på Neset, Liv Bente Tvenge, ønskjer å utvikle eit hyttefelt på 30 mål på austsida av Neset i Raulandsgrend.

Å halde dei 14 1700-tals bygningane ved like, har sin pris. For å sikre framtidig drift av Neset ønskjer eigar og drivar av sta- den å etablere eit nytt hyttetun på tomta. Onsdag skal planutvalet i Vinje handsame søknad om omregulering av 30 av dei totalt 600 måla som eigedom- men strekkjer seg over.

Sju, åtte hytter med mykje glas – og der naturen kjem nærast inn i stova, pregar skissene som ligg føre.

– Eg har halde på i åtte år. Pussa opp og restaurert i stor stil for å redde bygningane. Det har kosta. Restaureringa og vedlikehaldet frå 2010 og fram til i dag har kosta nær fem millionar kroner. Det er langt meir enn kva eg hadde forventa da eg tok over, fortel Tvenge, og held fram:

– For å vite at eg kan drifte og halde bygningane ved like framover også, er eg avhengig av noko som kan sikre innsatsen, seier ho. Sjølv har ho arbeidd med det omsøkte hytteprosjektet i to år.

Kjem ikkje i konflikt

– Tanken er at det nye Totakstunet blir eit telemarkstun ala 2020. Men ein vil ta med seg mykje av det gamle i materialbruken; som stein og tre og gras på taket, men med langt meir glas, seier ho og syner til skisser inspirerte av ei «into the landscape-form». Dei to tuna vil ikkje komme i konflikt med kvarandre.

– Det blir to separate tun. Neset anno 1700 skal vere skjerma og framleis driftast som i dag.

Og dei to områda vil ikkje forstyrre kvarandre.

– Det er ingenting som kan konkurrere med Neset, slik det framstår i dag. Så i staden for å byggje eit kvasitun i tilnærma lik stil, byggjer ein i staden eit moderne telemarkstun, fortel Tvenge. Dei skisserte hyttene er inspirerte av gamle loft, der underetasjen er smalare enn etasjen over.

Saman vil hyttene dele ei mektig utsikt, mot Totak.

Hyttene er tenkt i ulike storleikar frå 120 til 160 rutemeter, fordelte på to plan. Prisen på hyttene er Tvenge enno usikker på, men skisserer at dei vil liggje noko over det eksisterande hytter i området gjer.

Vinje- ordføraren Jan Rikard Kleven (Sp), ønskjer prosjektet velkomen. – Eg er einsidig positiv til dette. Eigarane av staden har gjort ein kjempeinnsats ved å ta over Neset og halde staden i stand. Det er flott for Vinje kommune å ha eit slikt kulturminne. Det eigarane foreslår nå, er veldig gjennomtenkt. Ein lagar lite fotavtrykk i terrenget og ein løyser også eit parkeringsproblem i området. Eg meiner ein bør ha forståing for at om ein skal halde ein slik stad ved like, er ein avhengig av å få noko inn også. Staden er ei perle, seier Kleven. Tvenge er spent.

– Men eg har møtt mykje positiv respons for prosjeket, seier ho. I oktober handsamar kommunestyret saka for andre gong, og har endeleg avgjerdsle.

Artikkelen er hentet fra Telemarksavisa 19.09.2017.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.