Hjem > Aktør > Myllargutvegen


- Plassar knytt til hendingar i livet til Myllarguten

    Myllargutvegen
    Telefon: 916 63 922
    E-post: ragnv-cSPAMFILTER@online.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


    Myllargutvegen

    Tanken om å laga Myllargutvegen er at mykje av Myllarguten sitt liv er knytt til desse bygdene der denne vegen fer igjennom.

    Han kom som liten gut til garden Kjos i Åmotsdal som juring. Av Jon Kjos lærde han mykje om felespel og når bygdfolket møttest på Dansarsteinen var den unge Myllarguten spelemann.

    Konsertar med Ole Bull

    Seinare vart han gift med Ingeber Rikardsdotter Haugen frå Edland og budde då på ein stad som heitte Rispehaugen. Han kjøpte Øygarden for pengar han tente på konsertane han hadde saman med Ole Bull.

    Etter ei tid måtte han gå frå denne garden og flutte så til husmannsplassen Kosi i Arabygdi der han døydde. Det er det me no kallar Myllarheimen.

    Dei er båe gravlagde ved Rauland kyrkje.

    Reisen hit

    Myllargutvegen tek av frå E134 ved Nutheim i Flatdal og fyljer fylkesveg 503 fram til Straume brui Øyfjell, der kjem ein inn på fylkesveg 801 fram til Rauland.

    Vidare fyljer ein Rv. 362 gjennom Rauland, langs Totak til Arabygdi og Edland der du kjem inn på E134 i Haukeligrend.

    Last ned dokument som tar deg hit.

    Myllargutvegen



    Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.