Grupper
Mange bussgrupper kjem på dagsbesøk til Mjonøy.
Då tek Ellen i mot i Alvstoga; eit gamalt fjos i stort tømmer, stor peisvarme og levande ljos.
Her held ho eit kulturprogram med tittel: Kjende og mindre kjende lokale kulturpersonar, viser og stev.
Etterpå tek ho dei med til matstoga og byd på lunsj med Vesåskurv ( middagspølse av sau/lam) , ein liten fyrirett og kaffe og fersk kringle frå bakeriet eller kling.
Pris: 275 pr. pers.
Mjonøy tek og i mot venelag ,familiefeiringar, eller organisasjonar som er på tur.
Me kan hyse 54 pers. til overnatting dersom me tek absolutt alle senger i bruk og dekkje bord til fest for maks. 70 pers.