Hjem > Aktør > Litteraturdagane i Vinje > Storegutprisen


- bli betre kjende med forfattarar frå Vinje og andre delar av landet.

Litteraturdagane i Vinje
Telefon: 35 06 23 50

kommunehuset
3890 Vinje


Storegutprisen

Storegut eller Olav Olavson Edland var fødd på Norigard Edland i 1764 og kom bort i 1791

Og Olav heet son, og Olav het Far.
Det Olav på Olav var,
Solenge som det var spurt til Mann
Som eigar av Nordigard.

Kjempekar

Storegut var ein av dei mange kjempekarane som budde rundt om i bygdene våre i forrige århundre.

Mange av desse er gløymde idag, men Storegut har levd på folkemunne. Aasmund Olavson Vinje gjorde Storegut kjend langt utover heimtraktene med det store diktverket som kom ut fyrste gong i 1866.

Storegut er eit hovudverk i Vinjes dikting og han var og ved sida av Ivar Aasen den som byrja å skrive på nynorsk. For å heidre vår store diktar vil me under Litteraturdagane dele ut ein Storegutpris.

Statuttane for utdelinga av Storegutprisen er:

Storegutprisen vert gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk.

Storegutprisen skal delast ut på Edland under litteraturdagane i Vinje.
Det er til ei kvar tid det sittjande styret i litteraturdagane som er ansvarleg for utdelinga.
Både lag og einskildpersonar kan koma med forslag på kandidatar frå heile landet.

Forslaga sendast før 15. mars til

Litteraturdagane i Vinje, kommunehuset, 3890 Vinje

og merkast med "Storegutprisen"

med helsing
Litteraturdagane i Vinje



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.