Hjem > Aktør > Kaffibaren > Viser i sentrum 2016


Kafé, kunst, konsertar

Kaffibaren
E-post: ingridSPAMFILTER@kaffibaren.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Rjukanvegen 17
3864 Rauland

OPE KVAR DAG I PÅSKEFERIE 6.4-16.4 (KL. 12-17)
Etter påske blir kaféen stengt.


Viser i sentrum 2016

Helga 11.-12.  november dreg lokale krefter i gang minifestivalen «Viser i sentrum» på Rauland for femte året på rad.  Arrangementet, med fokus på visesongen presentert på ymse vis gjennom konsertar, kurs og sosialt samvær, har synt seg å vera ein suksess, og går i år som i fjor av stabelen på SONDOV / Kaffibaren i sentrum av Rauland. 

Program:

Fredag

kl. 15 Teater Ibsen presenter Erik Bye! Klikk her for meir info om forestillinga.

kl. 19.30 Dørene opnar for kvelden

kl. 20 Fra de mollstemte skoger -  http://www.frademollstemteskoger.no

kl. 21.30 Åpen scene

kl. 24 Baren stenger

Laurdag

Kl. 13 Kurs- Formidling av viser med Trygve Ramnefjell 

kl. 18.45 Dørene opnar

kl. 19 Kurs - ukulele og viser med Ånon Egeland

kl. 20.30 Grove Horn spiller rallarpop- http://www.grovehorn.com/

kl. 22 Åpen scene

kl. 01 Baren stenger

Programmet byrjar fredag kl. 15 med eit Erik Bye-program frå Teater Ibsen. På kvelden er det klart for Hedmarkstrioen «Fra de mollstemte skoger». Annar By, Tove Hagen og Hege Nylund finner inspirasjon i dikt og folkemusikk frå Hedmark. Dei skriv at tradisjonsmusikken i Hedmark er «kraftfull, rufsete og ofte mollstemt. Dette synes vi passer diktene godt; for korte, etterlengtede somre, lange vintre og milevis med skog har satt sitt preg på både diktningen og musikken.»

På laurdag er det Grove Horn som entrar scena etter eit aldri så lite  ukulelekurs! Grove Horn er ei norsk-svensk gruppe som tar for seg rallarviser, lofferviser, sjømannsviser og meir. Gjermund Kolltveit skriv i bladet Folkemusikk «Noen ganger minner arrangementene om svenske Triakel, andre ganger går assosiasjonene til 1970-tallets vise- og folkrocksound med fløyte og fellessang.»

Etter konsertane vert det open scene med eigen festivalvert som leiar oss vidare ut gjennom kvelden. Her kan alle som vil deltaka på scena, med song, eit stev eller eit vers!

Kurs

Laurdag vil me ha to kurs: Trygve Ramnefjell frå Grove Horn, som har bakgrunn frå teater og anna formidlingsverksemd, held eit praktisk kurs i korleis å formidle visesong frå scena. Kurset er for alle.

Som tidlegare år vert det lynkurs i ukulele, der me kompar til perler frå den norske viseskatten. Musikklærar, multiinstrumentalist og folkemusikar Ånon Egeland er instruktør. Kurset høver best for dei som kan eit par grep på gitaren (eller ukulele). 

Viser i sentrum takker årets sponsorar!

Tinn Sparebank, Raulandsakademiet, Vinje kommune, Folkemusikkscena på Rauland, Folkeakademiet Rauland, og Kaffibaren

Billettar i døra. 

Erik Bye program: kr. 100,-

Grove Horn: kr. 200,- (100,- studentar)

Visekurs m. Trygve Ramnefjell: kr. 100,-

Laurdagskveld (inkl. ukulelekurs): kr. 300,- (200,- studentar)

12. - 13. november 2016

man tir ons tor fre lør søn
         V  V  


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.