Hjem > Aktør > Kaffibaren > Tidlegare på Kaffibaren > Viser i sentrum


Kafé, kunst, konsertar


Viser i sentrum

Frå stev til serenade

Helga 21.-22.  november dreg lokale krefter i gang minifestivalen «Viser i sentrum» på Rauland for tredje året på rad.  Arrangementet, med fokus på visesongen presentert på ymse vis gjennom konsertar, kurs og sosialt samvær, har synt seg å vera ein suksess, og går i år som i fjor av stabelen på SONDOV / Kaffibaren i sentrum av Rauland.

Kortreist kveding

Fyrst på scena fredag 21. kl. 1930 står tre lokale kvedarar - Inger Lien, Hillborg Romtveit og Ingebjørg Lognvik Reinholdt. Dei tre har kvar på sin vis markert seg i songmiljøet i dei seinare åra. Med sitt lokale utgangspunkt presenterer dei eit utval frå visetradisjonen i folkemusikken, med forteljingar om både kvardag og eventyr.

 

Lars Klevstrand

Etter kvedarane er det klart for hovudartisten i år: Lars Klevstrand. Klevstrand er kjend for dei fleste, og har vore ein frontfigur i norsk visemiljø sidan slutten av 1960-talet, då visebylgja slo inn for alvor. Han har motteke mange priser, deriblant spelemannspris og Prøysenprisen, og han har spelt inn ei lang rekke med plater. Lars Klevstrand er ein av våre fremste tolkarar av Prøysen, og som ei avrunding av jubileumsåret for den folkekjære hedmarksdiktaren, er det sjølvsagt at vi får høyre Prøysen-songar saman med anna materiale.

 

Bokpresenstasjon og ukulele kurs

På laurdag formiddag kl. 12 kjem raulendingen Kjell Bitustøyl for å presentere den nye boka si om turisthytta Besso på Hardangervidda: ”Frå Bessebu til Besso”.  Boka om Besso tek ikkje berre for seg sjølve historia til hytta og dei ulike periodane med skiftande vertskap. Her får du òg møte dyre-, fugle- og plantelivet rundt Nordmannslågen. Bessoboka er rikt illustrert med foto frå heile 80-års perioden, inkludert mange foto tekne av forfattaren.

 

Som tidlegare vert det óg kurs på dagtid laurdag; i år vert det lynkurs i ukulele, der me kompar til «slagerar» frå den norske viseskatten. Musikklærar, multiinstrumentalist og folkemusikar Gøril Ramo Håve, Edland,  er instruktør. kl. 13-16

 

Åsne Vinjerui

Laurdag kveld kl. 20 er det tid for ein av dei  mange framståande, unge songarane i Vinje, Åsne Vinjerui. Åsne har spela gitar sidan ho var 11 og skriv eigne tekstar. I tillegg til eigenprodusert materiale er det musikk innanfor sjangrane country, pop, roots og vise som dominerer repertoaret.

 

Svensk viseaften – Anderson, Taube og Vreeswijk

Vidare får me ei hylling til svenske visetradisjonar. Blant aktørane finn me operasongar Helge Rønning. Tenoren frå Nordland har utdanning frå Operaakademiet i København,  og han har vore  gjestesolist ved Nasjonaloperaen ei rad gonger. Han har òg hatt ei rad engasjement ved fleire av Europas operahus. På kaffibaren syng han Evert Taube. Dan Andersons viser er kjære for mange, og her får vi nokre av dei tolka av Jennie Hallquist frå Jämtland, tidlegare masterstudent på Rauland, no busett på Notodden. Konserten blir avrunda med ein trubadur frå Halden: Torkil Aulie. Med gitaren og barytonrøysta si gjev han publikum fleire kjende songar av Cornelis Vreeswijk. Husorkester for kvelden er sett saman av «allround»- musikaren Oddbjørn Aase frå Flatdal på trekkspel og perkusjon, samt Raulands eigne Kristine Rønning på fløyte og Per Åsmund Omholt på gitar.

 

Open scene

Etter konsertane på kveldstid vert det open scene. Her kan alle som vil hive seg frampå og deltaka med song, eit stev eller eit vers, eventuelt ei god historie!

Inngang fredag 250,- kr / 150,- kr (student)
Inngang laurdag 250,- kr / 150,- kr (student)
Begge kveldar 450,- kr
Kursavgift 200,- kr / 100,- kr (student og ungdom)

Vi takker våre sponsorar og samarbeidspartnarar:

Tinn Sparebank

Rauland Skisenter

Raulandsakademiet

Spar Rauland

Esso Rauland Servicesenter AS

Vinje fjellflora

Vinje kommune

Kaffibaren

Folkemusikkscena på Rauland

Folkeakademi Rauland

21. - 22. november 2014

man tir ons tor fre lør søn
         V  V  


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.