Hjem > Aktør > Kaffibaren > Tidlegare på Kaffibaren > Salsutstilling


Kafé, kunst, konsertar


Salsutstilling

Kaffibaren husar salsutstilling til fleire lokale kunstnarar. For tida er det hovedutstillar Mari Mosand. I tillegg viser vi filmkunst av Ingolf Endresen på storskjem i kaféen.

Mari Mosand

Mari arbeidar for tida som lærar på Folkestad skule i Bø i Telemark. Ho bur på eit småbruk der ho dyrkar økologisk kjøkkenhage og har både verkstad og atelier. Målar i hovudsak oljemaleri, men arbeider også med teikning, fotocollage, og land art. Har også laga videokunst til konsertar i Bergen og i Fauske. Kunstnarlege tema: Noko som alltid opptar meg kunstnarleg er naturens alltid fornybare kreftar, livskrafta. Alt liv har oppstått frå same kjelda, men har blitt ganske ulikt, visuelt sett. Eg er oppteken av korleis noko kan bli skapt, ut frå eit lite frø, korleis livet spirer og gror. Symbol ein ofte finn att i bileta mine er treet, som eit symbol på livet, livstreet, og føter utan sko. Det å gå barbeint er eit sterkt symbol for meg. Å ta av seg på føtene, kjenne underlaget under fotsåla, gras, stein, vatn, myr og lyng. Det handlar om å koma nærare naturen, og på denne måten koma nærare noko djupare i oss sjølve.

Ågot Kvåle

(f. 1954) på Rjukan. Utdannet lektor med mastergrad i formgiving, kunst og håndverk. Kunststudier i Italia ved Istituto per l'arte e il restauro i Firenze. Har hatt en rekke separatutstillinger siden debututstillingen i Doha, Qatar i 1983. Har deltatt på Sørlandsutstillingen, Telemarksutstillingen og Raulandsutstillingen. Innkjøpt av Norsk Hydro(2008), Gol kommune (2011), Tinn kommune (1983, 1998, 2008), Tinn Sparebank (2001) og Telemarkshelten/ Helterittet (2012). 

man tir ons tor fre lør søn
         V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.