Hjem > Aktør > Kaffibaren > Tidlegare på Kaffibaren > Majorstuen til Rauland!


Kafé, kunst, konsertar


Majorstuen til Rauland!

Torsdag 16. april får Kaffibaren storfint besøk: Då kjem gruppa Majorstuen til Rauland på lanseringsturné.

Kl 20.00

Billetter:

200,- / 100,- kjøpes ved inngang

Majorstuen har sidan starten i 2000 vunne eit stadig nytt og større publikum på si musikalske ferd. Gjennom å utfordre seg sjølve og korleis folkemusikken kan presenterast på ei scene har funne si heilt eiga nisje der dei leverer ei musikalsk oppleving som både inspirerer, overraskar og rører. Stryk, klimpr, kakk. Frå ellevillt tempo til manande ro. Spennet er stort, og KVITRE var tingingsverket til Førdefestivalen i 2013, og med den rykande ferske plata ”KVITRE” i kofferten lanserer Majorstuen sitt sjette album.

I KVITRE flyg Majorstuen høgt og lågt med feler og bogar, og det er fuglesongen og fuglane sitt vesen som har inspirert ensemblet til å lage eit heilt verk av fargerike fuglekomposisjonar.

Den melankolske svanesongen, perkusjonisten hakkespetten, dei rampete ravnane, parringsdansen til uglepapegøyen kakapo – nokon er høgst levande, andre er stein daude, og kanskje blir det ditt første møte med nikkersfuglen?

Jorun Marie Kvernberg – fele

Andreas Ljones – fele og bratsj

Synnøve S. Bjørset – fele

Anders Löfberg – fele, cello og kontrabass

Tove Hagen – fele, bratsj og cello

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten i lag med Kaffibaren. 

16. april 2015

man tir ons tor fre lør søn
       V      


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.