Hjem > Aktør > Kaffibaren > Tidlegare på Kaffibaren > MINNEUTSTILLING AV JOHANS RUI (15.12.29 – 07.03 2002)


Kafé, kunst, konsertar


MINNEUTSTILLING AV JOHANS RUI (15.12.29 – 07.03 2002)

På Kaffibaren i Rauland er det høve til å sjå ei minneutstilling av måleri etter bygdekunstnaren Johans Rui i tida 18.september – 16.oktober 2016.  

Johans Rui var gardbrukar og spelemann på Rauland, og ein av fleire aktive bygdekunstnarar i si samtid. Han var for ein stor del sjølvlærd, men hadde nok henta mykje lærdom og inspirasjon i ungdomstida då han og målarkameratane Tor Vaa, Einar Tjønn og Halvor H Kostveit møttest i atelieret til Dyre Vaa på Sporanes. 

Johans fann motiv rundt både i og kring Rauland, og av og til i gamle bilete. Han har med særmerkt stil dokumentert ei rekkje gamle hus og tun. 

Alle bileta på denne utstillinga er i privat eige, dei fleste i heimar rundt om i Rauland, og vil ikkje vera for salg. Dei mange eigarane har alle vore svært positive til utstillinga og arrangørane er takksame for alle velviljuge utlån av tilsammen 69 bilete.

Rauland Historielag er arrangør av utstillinga.

18. september - 16. oktober 2016



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.