Plassen
Vertskap: Olav og Ellen B. Nordstoga
Plassen er garden der diktaren og bladmannen Aasmund O. Vinje vaks opp, og heimen og arbeidsplassen til familien Nordstoga. Gardsdrifta kombinerer ulike produksjonar: mjølk, grønsaker, tradisjonsmat, kulturprogram og turisttilbod. Ellen Nordstoga er òg medansvarleg for drifta på Mjonøy handverk- og kultursenter, og ein av dei fremste kvedarane og dansarane i Telemark.
Mannestoga er ei tømre i to høgder frå 1930-talet, som måtte rivast for å gje plass til det nye våningshuset på Plassen. Namnet har stoga etter ho som budde der, Margit, kalla Manna av ungane på garden. Stoga blei sett opp att i 1997, og inneheld no eit moderne kjøken, bad med dusj og toalett, og stoge med himmelseng og peis i fyrste høgdi. To store soverom og eit toalett med vaskeservant i andre høgdi. Sengeplass til 5 vaksne og 4 born, fordelt på 3 breie himmelsenger og ei vanleg dobbeltseng. God avstand til trafikkert veg, og kort veg til fjøset med kyr og kalvar, gjer Mannestoga ypparleg for ungar.
Vinjestoga, barndomsheimen til Aa. O. Vinje, stend som ho gjorde for 150 år sidan, og er eit av våre beste døme på ei husmannsstoge i Øvre Telemark.
3890 Vinje
Telefon 35 07 25 53
telefaks 35 07 26 33
e-post
olavSPAMFILTER@nordstoga.no
<> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Prises
|
Oppreidd seng: 100,- pr seng Leige av sengetøy: 75,- pr sett Vask av hytte ved avreise: 500,- |