Hjem > Aktør > Høgskolen i Telemark - Rauland > Våre studietilbud


- Institutt for folkekultur, tradisjonskunst og tradisjonsmusikk

Høgskolen i Telemark - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
Fax: 35 95 29 01
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: hit.no/folkekultur

3864 Rauland


Våre studietilbud

Folkekunst –tre, metall og tekstil, Folkemusikk og Tradisjonskunst.

Folkekunst:

Bachelorstudiet i folkekunst er eit tilbod til dei som er interesserte i utøving innan eit handverk og i formidling av norsk folkekunst. Studiet i folkekunst skal gje studentane ei innføring, og vidare ei fordjuping, i norsk folkekunst. Den utøvande sida av folkekunsten er vektlagt.

Ved studiestart vel du om du vil arbeide med tre, metall eller tekstil.

1. år

Første året vil du, med basis i lokal formkultur, lære å utforme eigne produkt og utvikle dine evner innan kreativt arbeid og formidling. Studiet har som mål å gje ei innføring i norsk folkekunst, både teoretisk og gjennom praktisk arbeid. Med folkekunst meiner vi her dei materielle kunstformene som har utvikla seg særleg i norske bygder fram mot vår tid.

2. år

I andre året skal ein bringe element frå folkekunsten inn i vår eiga tid og lage gode samtidsprodukt. Studiet har to hovudkomponentar: Fellesdelen skal gje deg erfaring og innsyn i formgjevande prosessar, i formidling av kultur- og tradisjonsstoff og i FoU-arbeid.

3. år

I tredje studieåret vil studenten kunne arbeide med individuelle problemstillingar (haustsemesteret)som skal danne grunnlag for den avsluttande bacheloroppgåva i vårsemesteret. Å vidareutvikle ferdigheitene i å formgje i eit materiale, og kunne kombinere teknikkar og estetisk kompetanse, vert vektlagt i studiet.

Folkemusikk:

Studiet gjev teoretisk og praktisk innføring i norske folkemusikktradisjonar og legg vekt på å utvikle forståing for den rike variasjonen i form og funksjon.

Det blir undervist i tradisjonelle instrument som hardingfele, fele fløyte og song. Vi prøver å oppfylle dine ynskjer når det gjeld val av hovudinstrument.

2. år

I andre året kan du fordjupe deg i folkemusikken og bli i stand til å formidle den. Studiet har ein fellesdel og ein fordjupingsdel, kvar på 30 studiepoeng. Fellesdelen tek opp folkemusikken som kulturpolitisk og historisk fenomen. I fordjupingsdelen kan du velje utøvande og/eller allmenn formidling eller arkiv- og innsamlingsarbeid.

3. år

I det tredje studieåret skal du som student vidareutvikle ei sjølvstendig tilnærming til formidling og utøving av folkemusikk. Etnomusikk – Noreg og andre land – er vektlagt i det 3.året. I bacheloroppgåva (30stp) skal du tileigne deg røynsler og teoretisk kunnskap kring forsking og utviklingsproblematikk innan fagfeltet folkemusikk.

Tilbod til utøvarar:

Utøvarane kan få fleire timar med undervisning på hovudinstrumentet. For å få rett til dette, må utøvaren vise tilstrekkeleg dugleik gjennom ei opptaksprøve tidleg i haustsemesteret (september).

Tradisjonskunst – master (120stp)

I masterstudiet i Tradisjonskunst kan du velje om du vil arbeide med folkemusikk eller folkekunst. Studiet har ein utøvande profil. Målet er at du skal bli ein god utøvar innan folkekunst eller folkemusikk.

Du får innsikt i tradisjonskunstens vilkår og kan reflektere kritisk over korleis den blir tatt vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø. Studiet består av eit teoretisk innføringsemne (30 stp), mastergradsprospekt (30stp) og mastergradsprosjekt (60 stp).

Stikkord: Kultur og identitet, kunstteori og folkekunst, tradisjon, kommunikasjon og formidling, vitskapsteori og utøving.

Deltidsstudium

Kreativ maskinstrikking I – 30stp

Kreativ maskinstrikking II – 30 stp

Tradisjonsmat – 30 stp


Tradisjonskunst

Folkemusikk

Tre

Tekstil

Metall