Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Om HSN - Rauland


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Om HSN - Rauland

Utøvande studium

Institutt for folkekultur har spesialisert seg på utdanning i folkemusikk og tradisjonsbasert design og handverk innan tre, metall og tekstil (folkekunst). Alle studia våre har ein utøvande profil.

Folkekunsten, både handverksteknikkar, materialbruk og estetikken, er kjelder for studentane i eigne arbeid. Vi legg vekt på at studentane arbeider mykje på dei ulike verkstadane.

Individuell undervisning

Studentane på folkemusikk får individuell undervisning av lærarar som sjølve er aktive utøvarar. Ein kan få undervisning i song, fele, hardingfele, munnharpe, toradar, fløyte, strengeinstrument mm. Gjennom timane i samspel får studentane erfaring i å spele saman med andre og i å produsere repertoar som t.d. kan brukast i konsert- og turnésamanheng.

Campus

Instituttet held til i moderne lokalar med godt utstyrte verkstadar for tre-, metall- og tekstilarbeid, spesialrom for musikk, lydstudio mm. Det er kantine på skolen og kort avstand til studentheim, butikkar, kafear og idrettsanlegg /symjebasseng.

Studentmiljø

Rauland er kjend for å ha eit godt studentmiljø, både i studiesamanheng og på fritida. Studentane er aktive deltakarar i arrangement på skolen og i bygda, gjennom konsertar/pubkveldar i Årestoga, utstillingar, filmklubb, dans og idrett. Studentane deltek også på festivalar og seminar i inn- og utland, i regi av skolen, eller gjennom instituttet sine nettverk.

Eit omfattande nettverk innan folkemusikk og tradisjonskunst

Instituttet er del av eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk. Dette gjer at ein ofte har spennande gjestelærarar, kunstnarar og utvekslingsstudentar i Rauland. Møte mellom studentar og lærarar frå ulike tradisjonar og kulturar gjer studiemiljøet spennande, utviklande og kreativt.

Rauland Internasjonale Vinterfestival (i februar)

Er eit resultat av det omfattande nettverket som studia i Rauland har. Ei veke i februar er sett av til konsertar, utstillingar, workshops i folkemusikk og folkekunst, pubkveldar, seminar og sosialt samvære. (vinterfestival.hit.no)



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.