Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > We Banjo 3 (+1) i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


We Banjo 3 (+1) i Årestoga

Onsdag 26. November kjem den prisbelønte kvartetten We Banjo 3 (+1) frå Galway, Irland innom Årestoga på Raulandsakademiet som snarast, som ein av tre konsertar i Noreg.

Den banjobaserte kvartetten (som før har vore trio, derav navnet) kombinerer irsk tradisjon med amerikansk old-time og bluegrass på ein måte som du truleg ikkje har høyrt før. Dette er fest! Dei to brødreparaEnda & Fergal Scahill og Martin & David Howley spelar forutan banjo på fele, mandolin og perkusjon, og i tillegg syng dei. Alle dei fire er kåra som meistrar på instrumenta sine ei rekke gonger, og dei har stått på scena og spela inn plater med namn som The Chieftains, Frankie Gavin, Ricky Skaggs og mange fleire.

 

We Banjo 3 spelar med “swing and soul”, dei er  kreative, virtuose, kjenslevare og lidenskaplege, heile tida med hjartet i  musikken frå den grøne øya i vest. Og dei garanterer store smil og heftig fotramping hjå publikum…..

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

26. november 2014

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.