Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > VRANG i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


VRANG i Årestoga

Onsdag 5. oktober er det duka for ein konsert på Rauland der improvisasjon, kommunikasjon og speleglede er i fokus. Me skal møte gruppa VRANG, som er sett saman av Tuva Færden, Maja Gravermoen Toresen og Jon Hjellum Brodal.

Dei trakterer både hardingfele, vanleg fele, lyre og mandolin i tillegg til at dei syng.

VRANG hentar impulsar frå ulike folkemusikktradisjonar i Noreg og i utlandet, samt frå andre musikalske sjangrar. Med hardingfele/fele, song, lyre og mandolin flettast desse impulsane saman til eit kreativt og spanande musikalsk uttrykk.

Samarbeidet mellom dei tre kom i gang på ein islandsk sildefestival for over ti år sidan. Eldsjela og dåverande mentor i Bærum spelemannslag, Hallvard Kvåle, foreslo at trekløveret kunne spele nokre låtar på ein av konsertane under festivalen. Det vart musikalsk klaff, og ei lang og spanande musikalsk reise var i gang. Heile trioen har vore studentar på Norges Musikkhøgskole. Dei har i tillegg bakgrunn frå studiar i dans, teater og filosofi, noko som tidvis kjem til syne i det musikalske VRANG- uttrykket.

VRANG gjer publikum ei rik oppleving på fleire plan, gjennom musikk med eit fengande og variert spekter av folkemusikalske rytmar, melodikk og intensitet.

Etter å ha spela på mange konsertscener og festivalar dei siste åra, har VRANG nå nyleg vore i studio med musikken sin. Albumet kjem våren 2017 og i Årestoga på Raulandsakademiet får me smakebitar frå plata.

Det er folkemusikkscena på Rauland som står bak konserten.

5. oktober 2016

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.