Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Ugagn på Kaffibaren


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Ugagn på Kaffibaren

Folkemusikkscena på Rauland presenterer Ugagn, 22. oktober kl. 20.00 på Kaffibaren.

Folkemusikkgruppa Ugagn vart etablert i 2010, og onsdag 22. oktober kan du høyre dei på Kaffibaren i Rauland.

Trioen er sett saman av Sigrid Bråten Berg på vokal, Erik Sollid, fele og Bård Bjørke på gitar. Dei har sin musikalske grunnmur i setesdalstradisjonen, der dei vidareførar arven etter Kirsten Bråten Berg, som er mor til vokalist Berg.

Sigrid Berg var heilt frå barneåra omgjeven av musikk og musikarar, men gjekk sjølv i mange år utan å tore å ta opp songtradisjonen etter mor. Ikkje før ho sjølv hadde fortrengt draumen om å bli musikar losna det. Bård Bjørke, som hadde studert flamencogitar i Spania høyrde ho synge. Han ba ho sende nokre songar på opptak, laga arrangement til låtane, og plutseleg var dei i gang.

Resten er historie, og albumet Eisemo kom ut i 2013. I tillegg til setesdalstradisjonen, med kjelder som Svein Hovden og Gro Heddi Brokke, har musikken preg av å vera inspirert av det karakteristiske flamencospillet som Bjørke har med seg frå sine læremeistrar i Spania. Erik Sollid, kjend frå gruppa Valkyrien Allstars, er eit vel etablert namn langt utanfor folkemusikkmiljøet. Evnene hans til å formidle både gamle og nye tonar på hardingfela gjev Ugagn eit særeige lydbilete.

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten i lag med Kaffibaren.

22. oktober 2014

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.