Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Workshops


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Workshops

Påmeldingar til Anne Margit Barstad, tlf. 3595 2900, Anne.M.BarstadSPAMFILTER@hit.no <anne.m.barstadSPAMFILTER@hit.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Workshop med Hedvig Harmati

Eksperimentering med teksturar i ulike materiale

Tema for workshopen er å skape strukturar og overflater som skal bli til former ved å arbeide med ”alle” type materialar.

Komposisjonane kan vere idear for smykke, kragar, belte, vesker, sjal og andre mindre gjenstandar. Stikkord for komposisjonane er å tenke motsetningar – fargerik / einsfarga, ru/glatt, matt / skinnande, transparent /dekkande og rytme, kontrast, system/modul.

Teknikkane som kan brukast kan vere både tradisjonelle og meir moderne – slik som vev, filting, bretting, knyte, binde, fletting /snor, tvinning, slynging, hakking mm. Teknikkane passar for alle materialtype, både innan tekstil, metall, tre/fiber og kunstmateriale.

Workshopen vil halde til i tekstilsalen, men dei ulike spesialromma kan bli teken i bruk – som våtrom, metallverkstad og delar av treverkstad.

Workshop med Kristi Jõeste

Estisk strikking

Kristi lærer bort forskjellige tradisjonelle teknikkar som vert brukt i estiske strikkevottar/vantar. Særleg vrangborden har mange variantar. De vil få lære 3-5 strikkemetodar for vrangbordar. De kan velje om de vil strikke fleire mindre eksemplar eller strikke ferdig vottane.
Garn og strikkepinnar vil de få kjøpe av skolen og Kristi.

Måndag, 14. feb.  
12:00 - 14:30 Tradisjonskunstverkstad med Hedvig Harmati
12:00 - 14:30 Tradisjonskunstverkstad - estisk strikking, med Kristi Jõeste
Tirsdag, 15. feb.  
9:00 - 14:30 Tradisjonskunstverkstad med Hedvig Harmati
9:00 - 14:30 Tradisjonskunstverkstad - estisk strikking, med Kristi Jõeste
Onsdag, 16. feb.  
9:00 - 14:30 Tradisjonskunstverkstad med Hedvig Harmati  
9:00 - 14:30 Tradisjonskunstverkstad - estisk strikking, med Kristi Jõeste  
Torsdag, 17. feb.  
9:00 - 14:30 Tradisjonskunstverkstad med Hedvig Harmati  
9:00 - 14:30 Tradisjonskunstverkstad - estisk strikking, med Kristi Jõeste  
9:00 - 10:30 Vokal tradisjon med Berit Opheim Grotten
9:00 - 10:30 Hardingfele med Britt Pernille Frøholm Teiknesal
11:00 - 12:00 Foredrag om irsk tradisjonsmusikk med Fintan Vallely Myllarsal
13:00 - 14:30 Irsk sang med Cathal McConnell Grotten
13:00 - 14:30 Irsk fele med Gerry O'Connor Teiknesal
15:00 - 17:00 Arrangering med Roger Tallroth Teiknesal
Fredag, 18. feb.  
9:00 - 12:00 Tradisjonskunstverkstad med Hedvig Harmati  
9:00 - 12:00 Tradisjonskunstverkstad - estisk strikking, med Kristi Jõeste  
9:00 - 10:00 Fløyter med Steinar Ofsdal Teiknesal
10:00 - 12:00 Steinar Ofsdal saman med Cathal McConnell og Fintan Vallely Teiknesal
13:00 - 14:30 Shetlandsk folkemusikk med Mark Laurenson,
Maurice Henderson og Grant Nicol
Teiknesal
13:00 - 14:30 Kveding med Hill Romtveit Grotten
15:00 - 17:00 Knut Buen - møte med ein tradisjonsberar Teiknesal
Søndag, 20. feb.  
12:00 - 14:00 Internasjonalt toradartreff leia av Emmanuel Pariselle Teiknesal

14. - 20. februar 2011



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.