Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Unni Boksasp ensemble – spelemannsprisvinnar til Rauland!


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Unni Boksasp ensemble – spelemannsprisvinnar til Rauland!

Tysdag 5. april vert det konsert med den ferske spelemannprisvinnaren Unni Boksasp og hennar ensemble i Årestoga på Raulandsakademiet.

Unni kjem frå Nord-Møre, men er no busett i Tinn. Ho må nemnast som ein av våre fremste utøvarar innan kveding. Unni Boksasp Ensemble speler arrangert folkemusikk frå midt-Noreg, der Unnis tradisjonelle songar er utgangspunkt for arrangementa.

Med plata ”Keramello” fekk dei spelemannsprisen tidlegare i år, og i haust vann dei kategorien ”tradisjonelt samspel” på bransjetreffet Folkelarm. Unni Boksasp Ensemble er attåt ho sjølv: Tore Bruvoll (gitar, song), Olav Luksengård Mjelva (fele, hardingfele, bratsj), Petter Berndalen (perkusjon), Magne Vestrum (kontrabass) og Trygve Brøske (trøorgel). Det er folkemusikkscena på Rauland som skipar til konserten.

5. - 6. april 2011

man tir ons tor fre lør søn
   V          


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.