Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Tindra – såre salmar og frekke friarviser


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Tindra – såre salmar og frekke friarviser

Tysdag 18. september kjem den vestnorske trioen Tindra til Årestoga på Raulandsakademiet. Åshild Vetrhus (1978) frå Suldal i Rogaland på song, Jorun Marie Rypdal Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal på fele/hardingfele, og Irene Tillung (1977) frå Voss på akkordeon er musikarane som utgjer trioen. 

Sidan oppstarten i 2000 har Tindra vunne open klasse på Landskappleiken i 2003, og var i 2005 finalistar i Rikskonsertanes lanseringsprogram, INTRO-folk. I tillegg til ei lang rekkje konsertar for både born og vaksne i Noreg, har Tindra turnert i Vietnam, India, Georgia, Sudan og Sri Lanka. Dei har gitt ut fleire CD’ar og har vore nominert til spelemannspris.

Når songen, fela og trekkspelet smeltar saman er Tindra eitt, og søte, særeigne, smakfulle, smygande, slaskete og svingande tonar og tekster blir formidla med stor overtyding. Utgangspunktet for trioen er den norske folkemusikktradisjonen, med særleg vekt på Rogaland. Sjølv når dei framfører eigne komposisjonar ligg dette i botnen. Repertoaret spenner frå skuldlause bornsongar om kattar og geiter til såre salmar og frekke friarviser.

Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten, som óg er ein del av forskningsdagane ved Institutt for folkekultur.

18. - 19. september 2012

man tir ons tor fre lør søn
   V          


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.