Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Suurøid – kveding møter moderne teknologi!


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland

Trykk for stort bilete


Suurøid – kveding møter moderne teknologi!

Onsdag 19. oktober har kvedaren Anne Gravir Klykken frå Skien med seg eit spanande prosjekt til Årestoga på Raulandsakademiet.

Kveding og videokunst!

Suurøid består av en kvedar (Anne Gravir), to saksofonister, et par mac'er og Sigurd Ytre-Arne fra Seljord som viser videokunst underveis i konserten.

Utgangspunkt i gamle folketonar

Med utgangspunkt i gamle folketonar frå Telemark har Suurøid utvikla sitt eige lydbilete som tek gamle, tradisjonelle melodiar inn i ei moderne tid. Gamalt, vakkert materiale fær ei ny tonedrakt, med element frå improvisasjon, jazz, visesong og folkemusikk. Uttrykket spenner frå det fine og vare til det kraftige og suggererande.

Tradisjonelle melodiar og den moderne teknologien

Det er kontrastane melllom det dei tradisjonelle melodiane og den moderne teknologien som lagar spenninga. Instumenta Suurøid har er to saksofonar, perkusjon, to mac’ar, og song. Attåt det ljoseffektar og scenisk design elles, noko som gjev ei utradisjonell og spanande totaloppleving med store variasjonar.

Musikarar attåt Anne Gravir Klykken er Jon Øystein Roland og André Kassen på saksofonar/elektronikk, og Frode Flatland på trommer. For å gje konserten eit visuelt uttrykk har gruppa med seg Sigurd Ytre-Arne frå Seljord som syner videokunst undervegs.

Prisen er 150,- (100,- for studenter)

Det er folkemusikkscena på Rauland som skipar til konserten i samarbeid med Telemark fylkeskommune.

19. - 20. oktober 2011

man tir ons tor fre lør søn
     V        

Trykk for stort bilete



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.