Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Sturla Eide og Sarah-Jane Summers


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Sturla Eide og Sarah-Jane Summers

Torsdag 10. januar er det starten på ny sesong for folkemusikkscena på Rauland. I Årestoga på Raulandsakademiet denne kvelden møtast to felespelarar: Sturla Eide frå Orkdal i Trøndelag og Sarah-Jane Summers frå Skotland.

Orkdal i Trøndelag og Sarah-Jane Summers frå Skotland. Trass i ulikt opphav har dei mykje til felles: Dei delar den same tilnærminga til folkemusikken med å lære frå eldre spelemenn på heimplassen, dei lærde den same melodien fyrst, har gått den same vegen med eksperimentering og improvisasjon, men er no attende til røtene.

Om Sturla er det sagt at han har kasta seg ut frå fjellskrenten i eit trøndersk landskap, og han svevar vidare i hangglider over nye landskap og tek nedi med føtene både her og der. Han er både tradisjonstru og nyskapar.

Sarah-Jane fekk si opplæring i gammalt felespel frå det skotske høglandet. Seinare har ho fått auga opp for hardingfela, og er no i gong med ei masterutdanning på musikkhøgskolen i Oslo. Ho har óg mykje erfaring som pedagog. Dei har begge gitt ut kritikarroste album og har turnera i mange land. Konserten er i samarbeid med eit internasjonalt seminar ved Høgskolen i Telemark.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.