Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Rauland Internasjonale Vinterfestival


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Rauland Internasjonale Vinterfestival

Når Rauland Internasjonale Vinterfestival opnar onsdag 13. februar, får vi møte tre damer frå tre ulike bygdelag i Årestoga på Raulandsakademiet. 

Mer om festivalen, program etc. kan du lese her.

 

Variert festivalstart i Årestoga

Vinterfestivalen er like om hjørnet, og Folkemusikkscena står for den første konserten, onsdag 13. februar i Årestoga.

Dei er unge, men har kome langt på instrumenta sine:

 

Ingvild Lie

er langeleikspelar og folkesongar frå Øystre Slidre i Valdres. Folkemusikken har vore ein naturleg del av oppveksten hennar, og har slik vore ein trufast følgjesvein sidan tidlege år. Ingvild har vunne landskappleiken i klassa for langeleik, og ho er deltakar i A-klassa i vokal.

 

Linda Gytri

er frå Oldedalen i Nordfjord, og er tidlegare norgesmeister på trekkspel. Ho har ein folkemusikalsk mastergrad frå Rauland og Ole Bull i sekken, samt eit utvekslingsår på Sibeliusakademiet i Finland. Det å lage eigne låtar har fylgt henne heile vegen sidan unge trekkspelår. I musikken hennar er der rom for både ettertenksam melankoli og friske vindpust - på hennar heilt eige vis. Trekkspel er ikkje berre trekkspel, men også ei kjelde til draumar og musikalske landskap å sveve av garde i. Debutplata «Umbra» har hausta svært gode kritikkar. CD-en består utelukkande av hennar eigne komposisjonar, spelt på solo trekkspel.

 

Nina Fjeldet

har vakse opp i Elvegrenda/Åndsreppen i Austre Gausdal. Ho kjem frå ein musikkglad familie, og særleg gjekk det i viser og gammaldans både heime og hjå besteforeldrane. Ved ein tilfeldighet fekk ho prøve fela av kontrabassisten i Gausdal Spelemannlag, og «då var ho solgt» fortel ho. Seinere har Nina fordjupa seg i den eldre slåttetradisjonen frå heimbygda, noko som óg var tema for masteroppgåva hennar frå Rauland i fjor. I Årestoga får me høyre dei som soloartistar, men og i samspel. Folkemusikkscena på Rauland samarbeider med festivalen om denne konserten.

13. - 18. februar 2013



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.