Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Musikk frå dei store skogar på Kunstforeningen


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Musikk frå dei store skogar på Kunstforeningen

Når Anders Rosén og Jonas Åkerlund opptrer på Rauland Kunstforening onsdag 5. desember, møter du to spelemenn frå to generasjonar i eit tett samspel. 

Raske trødansar, feiande springleikar og hardbarka bakmesar – alt i levande tradisjon etter dei gamle meisterane frå dei djupe skogane i nordre Västerdalarna, Särna og Älvdalen. Rå, bordunlada musikk, full av glidande tonesteg og rytmiske krumspring. Stilmedvetent framført, men samstundes djupt personleg. 

 Anders Rosén er den fremste musikkformidlaren vi kan sjå i samanhang med spelemenn som Troskari Mats, Spak Erik og Ekor Anders. Tidleg på 70-talet gjekk han i læra hjå desse og tilegna seg deira repertoar og spelestil. Anders har gjeve ut fleire plater der ein vil kunne finne att modernistiske eksperiment. Han har meir enn nokon annan vist at han er spelemennenes spelemann som introduktør og vegvisar.

   Jonas Åkerlund er kjent for sitt innovative og tradisjonsrike spel. Som stemmespelar har han ein eigen stil som bygger på stilkjensle og improvisasjon. Han spelar fiolin, viola d´amore og svensk sekkepipe. Jonas kan ein høyre saman med bl.a. Esbjörn Hazelius, Lure, Bowing 9.

 Jonas og Anders har spela saman i over 20 år og har ei intuitiv, felles forståing av musikken. Saman har dei gjeve ut to plater: Skymningslek og Den ljusblå leken. Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

Billettar

Billettar: 150kr / 100kr studentar

Arrangør

Folkemusikkscena på Rauland

Opningstider

Kaffibaren er ope fra 1930 og etter konserten til kl 00.

5. - 6. desember 2012

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.