Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Konsert med Tveit og Brabandt


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Konsert med Tveit og Brabandt

Konsert Onsdag 18. april kl. 20.00, Årestoga

Med Alf Tveit og Øyvind Brabandt

To spelemenn
Alf Tveit frå Sauherad (busett på Dalen) og Øyvind Brabant frå Nes i Hallingdal er to spelemenn me etter kvart kan nemne som tradisjonsberarar. Alf har nyleg fylt 60, Øyvind nærmar seg.

Eggjande rytmikk
I yngre år var dei båe rundt hjå ymse kjelder i sine tradisjonsområde og lærde slåttar. Om dei har ulik tradisjonsbakgrunn og såleis ulikt repertoar, er der likevel sams drag i spelemåten: Ein eggjande rytmikk som ei ryggrad i spelet, dei gjev lydaren ”fot” frå fyrste bogadrag. Attåt det ein eminent venstrehandsteknikk, triller ,forslag og likringar kjem naturleg og velplasserte.

Landskappleiken
Båe har dei vunne Landskappleiken, Alf i 1992 og 1998, Øyvind i 1993, i lag med Olav Øyaland.

Velkommen til konsert!

18. - 19. april 2012

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.