Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Konsert i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Konsert i Årestoga

Onsdag 14. mars kl. 20.00, Årestoga.

Konsert med Westberg, Haugom og Frostvoll

Westberg, Haugom og Frostvoll
Her får me tradisjonar frå Brekken- og rørosdistriktet servera frå øvste hylle: Tron Steffen Westberg, Magne Eggen Haugom og Jan Frostvoll har i mange år gleda eit stort publikum. I sentrum står polsen, og få, om nokon, kan legge det rike musikkstoffet i frå grensetraktane der aust fram på ein meir overbevisande måte. Dei tre står fjellstøtt som soloartistar på eigne bein, men når dei slår seg saman i samspel på ”grovt og grant”, pirrar det ekstra i dansefoten

Tron Steffen Westberg
Tron Steffen Westberg spelar hovudsakleg slåttar frå Røros-distriktet med tyngdepunkt i Brekken, men han går heller ikkje av vegen for hardingfele-slåttar frå Setesdal og Telemark. Tron Steffen er musikalsk leiar i Brekken Spellmannslag, medlem av gammeldansgruppa Småviltlaget som har vunne Landsfestivalen i gammeldansmusikk 2 gonger, og i trioen Westberg/Haugom/Frostvoll som har vunne Landskappleiken ein rekkje gonger. Tron Steffen fekk Saga-prisen i 1997 og vann kongepokalen under Landskappleiken i 1999. Aller best likar Tron å spele til dans og han er kjend for sitt sermerkte og drivande flatfelespel.

14. - 15. mars 2012

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.