Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > «Komme no heim»


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


«Komme no heim»

Folkemusikkscena på Rauland inviterer til konsert i Årestoga onsdag 15. mai kl. 20.00.

  • Onsdag 15. mai kl. 20.00
  • Bill. kr. 200,- / 100,- 

Onsdag 15. mai møter du telemarkskvedaren Jon Anders Halvorsen og medmusikantar i Årestoga på Raulandsakademiet. Konserten er basert på Jon Anders si plate «Komme no heim», der Jon Anders tolkar både kjend og ukjend materiale frå Telemark. Her vil ein få høyre livsbejaende slåttetralling, forteljande og ettertenksame viser, nokre glade, andre melankolske. Halvorsen var så heldig at han på 1990-tallet fekk moglegheit til å møte eldre tradisjonsbærarar som framleis hadde ein ukjend songarv å lære bort. Nokre av dei er no døde. I tillegg har Halvorsen flittig nytta arkivopptak frå Telemark som kjelde.

Med seg har Jon Anders to topp-navn: Daniel Sandén Warg, Setesdal/ Sverige, kjend for sitt samarbeid med Odd Nordstoga, og munnharpespelemannen og gitaristen Anders Røine, Bø / Valdres.

Konserten er i regi av Folkemusikkscena på Rauland.

15. - 16. mai 2013

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.