Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Fra de mollstemte skoger


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Fra de mollstemte skoger

Haustsesongen på folkemusikkscena på Rauland får ein stemningsfull start i Årestoga onsdag 29. august.

Konserten starter 20.00.

Fra de mollstemte skoger er ein trio med røter i Hedmark. Alle har dei folkemusikken frå grensestroka der aust som felles referansepunkt. I vår kom CD’en Så lengi du kjæm att, der dei har tonesett dikt av kjende diktarar frå Hedmark, m.a. Hans Børli, Halldis Moren Vesaas og Einar Skjeraasen. Norsk/svensk visetradisjon saman med den noko rufsete og mollstemte folkemusikken frå skogbygdene i Hedmark har vore inspirasjon.

Alle dei tre allsidige utøvarane har vore studentar på Rauland, og er elles godt kjende i folkemusikkmiljøet. Tove Hagen frå Rendalen spelar cello og fele i gruppa Majorstuen som har hatt turnear i fire verdsdelar. Songar og gitarist Annar By frå Elverum har bakgrunn frå fleire sjangre, og fekk debutantprisen på Folklarm for sin fyrste CD i 2006. I det siste har han turnert mykje med visesongaren Lars Bremnes. Hege Nylund frå Trysil speler mange instrument, men fyrst og fremst er ho songar. Ho har m.a vunne åpen klasse på Landskappleiken med gruppa Herr Ole i 2006, og har vore med på mange kritikarroste produksjonar.

man tir ons tor fre lør søn
         V    


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.