Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Folkemusikkscena på Rauland


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland

Unni Boksasp Ensemble

Alexander Røynstrand / Tor Hoslemo / Marie Tveiten


Folkemusikkscena på Rauland

Program våren 2011

Onsdag 19. januar kl. 20.00, Årestoga:

Aamos

Aamos vart til på eit kjøken i Oslo, og trioen er sett saman av to unge toppspelemenn frå Shetland, Kevin Henderson og Mark Laurenson, samt norske Vidar Skrede, ein av våre mest etablerte folkemusikkgitarister. Dei fann fort ut at oppgåva må vera å spreie den særeigne og energiske fele-tradisjonen frå Shetland i Noreg og vidare ut i verda! Aamos spelar hovudsakleg slåttar frå denne tradisjonen, som rituelle brureslåttar då ein skal spela brura til sengs på bryllaupsnatta, rolege lydarslåttar og ikkje minst kvikke og svingande rilar som Shetland er mest kjend for. Ein finn og mykje likskap til norske slåttar i repertoaret til Aamos.

Fredag 18. februar kl. 19.00, Vinjesalen :

Väsen

Väsen er eit verdsnamn frå grannelandet, og endeleg finn dei vegen til Rauland mellom turnear i mange land, deriblandt USA. Mikael Marin (bratsj), Olov Johansson (nyckelharpa) og Roger Tallroth (gitar) har spela i lag i over 20 år og dei har vore eit lokomotiv i utviklinga av samspelet innan skandinavisk folkemusikk. Dei er alle tre solistar i toppklasse, men når dei spelar saman er alle instrument likeverdige. I den eigne augneblinken lagar dei tette og kompakte klangar, for så å opne opp til det lette og drøymande. Sidan 1990 har dei gjeve ut 15 album med både sjølvlaga og tradisjonelle svenske låtar. Konserten er eit samarbeid med Rauland Internasjonale Vinterfestival (sjå eige program på http://vinterfestival.hit.no)

Onsdag 16. mars kl. 20.00, Rauland kunstforening:

Stein Versto / Berit Opheim Versto

Dei to røynde utøvarane gjev oss eit program med kveding og spel, der dei nyttar både tradisjonelt og nytt stoff. Tilhøyrarane vil få servert musikken i både solo og samspel, i form av stev, balladar og slåttar. Stein Versto frå Vinje er kjend for mange som ein mangesidig kunstnar og kulturarbeidar. Han er lyrikar, forfattar og omsetjar ved sida av å vera spelemann. Berit Opheim Versto har vore ein sentral utøvar både i tradisjonell folkemusikksamanheng og i å formidle og fornya tradisjonsmusikk i nye samanhengar – både i Norge og i utlandet. Ho har særleg arbeidt med vokalmusikken frå vestlandet og heimbygda Voss (Bulken). Konserten er eit samarbeid med Rauland Kunstforening.

Tysdag 5. april kl. 20.00, Årestoga:

Unni Boksasp Ensemble

Unni Boksasp frå Nord-Møre, no busett i Tinn, må nemnast som ein av våre fremste soloutøvarar innan kveding. Men til Rauland kjem ho ikkje åleine: og Unni Boksasp Ensemble spelar arrangert folkemusikk frå midt-Noreg, der Unnis tradisjonelle songar er utgangspunkt for arrangementa. Saman vann dei kategorien ”tradisjonelt samspel” på Folkelarm hausten 2010 med plata ”Keramello”. I Unni Boksasp Ensemble er attåt ho sjølv: Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song), Olav Luksengård Mjelva (fele, hardingfele, bratsj), Petter Berndalen (perkusjon), Magne Vestrum (kontrabass) og Trygve Brøske (trøorgel).

Onsdag 11. mai kl. 20.00, Årestoga:

Alexander Røynstrand / Tor Hoslemo / Marie Tveiten

Her vil me få møte tre unge stortalent på hardingfele ifrå Telemark, Hardanger, og Setesdal. Alexander Røynstrand (21) kjem frå Granvin i Hardanger og fører vidare den rike hardingfeletradisjon derifrå. Han byrja å spela med læremeisteren Knut Hamre alt i 6-7 års alderen. Han har hevda seg bra på kappleikar i lang tid, bl.a. vann han yngste klasse på Landskappleiken i 2008. Tor Hoslemo (18) frå Bykle i Setesdal byrja å spela hardingfele 9 år gamal - Marton Laksesvela og Vidar Lande har vore dei fremste læremeistrane. Tor har delteke på mange kappleikar, og vann m.a. yngste klasse i NM i Folkemusikk i 2009. Marie Tveiten (18) er frå Seljord, og kan trygt seiast å vera eit produkt av det rike spelemannsmiljøet i Seljord som har vakse fram i dei siste åra. Ho har spela sidan ho var 9 år, dei to siste åra med Per Anders Buen Garnås som sin fremste læremeister. Ho vann yngste klasse i hardingfele på Landskappleiken i 2010.

Fredag 3. juni, kl. 21.00, Bjønnehiet Pizzapub:

Sver

Den norsk-svenske gruppa SVER kategoriserer sjølv musikken sin som ”powerfolk” og dei har til hensikt å syte for stor stemning på puben i Rauland denne fredagskvelden. Ordet "sver", er eit utrykk fra Røros som blir brukt om noko stort og flott, eller staut og heftig, og SVER legg soleis stor vekt på eit rytmisk og energisk driv. I botnen ligg ein solid rørostradisjon, men dei hentar óg viktige impulsar i frå Hallingdal og Hardanger. Gruppa kom med ny plate hausten 2010, ”Fruen”, og dei har hausta solide kritikkar for produktet. Bandet er samansett av desse musikarane: Olav L. Mjelva (fele og hardingfele), Vidar Berge (gitar) Leif Ingvar Ranøien (toradar) Anders Hall (fele) og Jens Linell (perkusjon).

Folkemusikkscena på Rauland

Folkemusikkscena på Rauland kom i gang i 2004 som eit samarbeid mellom Spelemannslaget Falkeriset, Rauland Folkeakademi, Institutt for Folkekultur ved Høgskolen i Telemark, Vinje Kommune og nettverket Den Norske Folkemusikkscena. Hausten 2009 vart scena stifta som eigen friviljug organisasjon. Folkemusikkscena på Rauland har ein visjon om å vera ein god og attraktiv konsertarena som kan gje gode opplevingar for både utøvarar og publikum.

Folkemusikkscena på Rauland vil:

-arbeide for formidling og vidareføring av den tradisjonelle, norske folkemusikken.

-presentere nye, dagsaktuelle, grensesprengande og sjangeroverskridande uttrykk.

-ha eit variert program der kunstnarleg kvalitet er eit stikkord.

-vera eit forum som kan presentere tradisjonsmusikk frå andre land.

-vera ein regional aktør i oppbygginga av eit formidlingsnettverk innan sjangeren.

Kontakt:

Per Åsmund Omholt

Per.omholtSPAMFILTER@hit.no <Per.omholtSPAMFILTER@hit.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

48 21 69 08

www.folkemusikkscena.no/scener/4

Väsen

Stein Versto / Berit Opheim Versto

Sver



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.