Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Tidligere arrangement > Felespelarar til Rauland


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Felespelarar til Rauland

To av dei beste felespelarane i Gudbrandsdalen tek turen til Rauland fredag 7. juni.

Det er Astrid Sulheim og Amund Bjørgen som held konsert på Rauland Kunstforening Sondov fredag 7. juni kl. 20.00.

Båe har ei rad sigrar frå landskappleiken (til saman 10!) - Astrid den ferskaste, Amund flest. Båe har røtene djupt i tradisjonane etter Loms-Jakup og generasjonane etter han.

Folkemusikken frå Lom er den musikken og tradisjonen Astrid Sulheim har vakse opp med. Ho lærte å spele fele på “gamlemåten” i Lom spelemannslag med Rolv Brimi som læremeister. Det var denne musikken som inspirerte i oppveksten. I dette miljøet er Amund Bjørgen i dag ein nestor. Han har vore toppspelemann sidan 60-talet. Ved sida av alle kappleikssigrane fekk han også med seg ein spelemannspris i 1993 saman med Bjørn Kåre Odde på plata «Slåttemusikk frå Lom».

Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten i samarbeid med Rauland Kunstforening / Kaffibaren. Konserten er i tillegg ein del av avslutningshelga ved Institutt for folkekultur, HiT.

7. - 8. juni 2013

man tir ons tor fre lør søn
         V    


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.