Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > The Nordic Fiddlers Bloc til Rauland


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


The Nordic Fiddlers Bloc til Rauland

Tre toppspelemenn kjem til bygds! THE NORDIC FIDDLERS BLOC spelar på Kaffibaren i Rauland torsdag 18. august.

Det er ikkje kven som helst som utgjer denne trioen:

I frå Shetland, Sverige og Noreg kjem Kevin Henderson, Anders Hall og Olav Luksegård Mjelva. I bagasjen har dei med seg sitt nye album «Deliverance», som har hausta strålande kritikkar. 

Dei kombinerar sine solide shetlandske, svenske og norske røtar på ein grenselaus og frisk måte. Med eit fast fokus på den rike, tradisjonelle felemusikken frå sine heimstader, har dei fått fram eit uttrykk som kan skildrast som både unik, meiningsfull, intens og forfriskande.

Her er det full fart med shetlandske rilar i kombinasjon med lyriske svenske låter og norsk hardingfele. Dei legg harmoniar, riff og basslinjer, og ein kan ha vondt for å tru at lyden kjem frå bare tre feler… Så langt har musikken tatt dei til heile fastlands-Europa pluss USA, Canada, Storbritannia og Irland.

Det er Folkemusikkscena på Rauland som står bak konserten i samarbeid med Kaffibaren og studentrådet ved Høgskulen. 

18. august 2016

man tir ons tor fre lør søn
       V      


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.