Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > TVO VETERANAR - EINAR ØVERLAND OG JON BONDAL


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


TVO VETERANAR - EINAR ØVERLAND OG JON BONDAL

Onsdag 1. november blir det godt spil å høyre på Rauland: Tvo veteranar gjestar Folkemusikkscena.

Einar Øverland (f. 1944) busett på Notodden, er kan hende lite kjend for sume, men velkjend for dei som har kunnskap om hardingfelespel i Telemark. Han kjem opphaveleg frå Seljordsheia. Fyrststunds lærde han heime, av foreldra Halvor og Torill, som spila båe. Onkel av Torill var Erik Øverland, som i si tid var mykje i lag med Lars Fykerud, og lærde av han.

Seinare fekk Einar lære av brørne Jens og Olav Færstaul, òg frå Seljordsheia. Olav var fyrste læremeisteren av Bjarne Herefoss. Endeleg har Einar lært av Gudmund Manheim, og han nemner særskilt at der fekk han utvikla bogateknikken.
Einar har såleis slåttar frå det ein kalle standardrepertoaret i Telemark, men og lite kjende slåtteformer frå Seljordsheia.

Jon Bondal (f. 1957) frå Tuddal tek til å bli godt vaksen han òg. Han voks opp med tvo eldre brør som spila, det gjorde nok mykje til å få han i gang. Viktigaste læremeisteren var likevel Einar Løndal. I den tradisjonen stend han stødt.
I 1977 spila han seg opp i A-klassa.

Litt har desse karane vore med på kappleikar, men ikkje så mykje. Dei er med på eit par samleutgjevingar, men har ikkje gjeve ut eigne kassettar eller CD-ar - noko ein kan seia er eit sakn.

Nytt høvet til å lyde på dei no!

1. november 2017

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.