Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > TEXAS OG FINLAND PÅ KAFFIBAREN


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


TEXAS OG FINLAND PÅ KAFFIBAREN

Onsdag 7. september er det ei heilt spesiell hending på konsertfronten i Rauland; Frå Austin, Texas og Finland kjem eit eksotisk og høgst kompetent ensemble med Erik Hokkanen i spissen.

Han er tredje generasjons finsk, fødd i Clearwater, Florida og speler det meste, inkludert old-time, bluegrass og string-swing på fele, song og gitar, og han gjer det med ustoppeleg energi.Han er helt i heimstaden Austin, har spelt til dans for John Travolta og har vore gjeste professor ved Sibeliusakademiet i Helsingfors.

Denne onsdagen har han med seg gruppa Lumisudet, og der finn me tre av dagens beste finske folke- og rootsmusikere: raulandsvenen Arto Järvelä på fele og mandolin, Tapani Varis på kontrabass og munnharpe og Petri Hakala på gitar og mandolin.

Gled deg til servering av ei spesialblanding av etno- swing, amerikansk og skandinavisk dansemusikk.

Det er folkemusikkscena på Rauland som står bak konserten saman med Kaffibaren.

7. september 2016

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.