Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Svensk toppgruppe i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Svensk toppgruppe i Årestoga

Sett av onsdag 4. oktober: Frå nabolandet i aust kjem ei av dei meist «heite» gruppene for tida til Rauland og Årestoga. Ahlberg, Ek og Roswall har med sitt blendande samspel og sine fantasifulle arrangement hausta suksess på ymse folkemusikkfestivalar rundt om i verda dei siste åra. Musikken deira kjenneteiknast av stor variasjon i uttrykket og ein aldeles uimotståeleg «sving» på fele, nykkjelharpe og gitar.

Onsdag 4. oktober kl. 20.00

Emma Ahlberg kjem frå Sundsvall og er oppvaksen med folkemusikk. Ho byrja tidleg spele fele og opptrer fast i fleire grupper og musikalske samanheng, m.a. med Ulrika Bodén, Folk All-in Band, Limbohovfet og Lars Bygden. Emma har utdanning frå Kungliga Musikhøgskolan i Stockholm og sumaren 2010 vart ho «riksspelemann» på Medelpadslåttar.

Daniel Ek er fødd og oppvaksen i Vuollerim i Nord-Sverige. Han byrja spela gitar som åtteåring og har studera klassisk gitar på musikkhøgskulen i Piteå. Attåt spelar han renessanselutt, el-gitar og svensk sekkepipe. Daniel bur i Sundsvall og arbeider som gitarlærar og musikar, m.a. saman med Sofia Karlsson, Göran Månsson Band og han har vore med i gruppa Ranarim.

Niklas Roswall kjem frå Norra Kverrestad i Skåne. Han byrja på fele, men gjekk fort over til nykkjelharpe. Han vart riksspelemann i 1992 og verdsmeister (!) på kromatisk nykkjelharpe i 1996. Etter fullførde musikkstudiar på KMH i Stockholm arbeidar han som folkemusiker i ei rekkje ulike samanheng, m.a. Nyckelharporkestern, duon Step on it med Ian Carr, Rålsgård &Tullberg kvartett og Ulrika Bodén med venner. Niklas var óg ein av originalmedlemane i Ranarim.

Det er folkemusikscena på Rauland som arrangerer konserten.

4. oktober 2017

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.