Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Suggererande mellomalder-mystikk med duoen Sogesong


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Suggererande mellomalder-mystikk med duoen Sogesong

To av dei fremst folkemusikarane i landet, Øyonn Groven Myhren og Anne Hytta, har gjenge saman i duoen Sogesong. Resultatet er ei plate med rjukande ferske, friske og originale tolkingar av eldgamle viser som var godt gøymde, men ikkje heilt gløymde. Onsdag 22. november kan du høyre dei i Grotten på Raulandsakademiet.

- For nokre år sidan tok me til å nærme oss det rike repertoaret av telemarksballadar saman. Dei forunderlege melodiane og eventyrlege forteljingane ville oss noko. Me har vekt dei opp or djup svevn på daudt papir, og songe og spela på desse godt gøymde eventyrvisene frå mellomalderen, fortel Øyonn og Anne. - No har dei fenge eit liv som kler dei!

Det sermerkte mælet av Øyonn og rekonstruksjonar av strengeinstrument frå mellomalderen er utgangspunktet for Sogesong. Båe har dei eit sterkt personleg uttrykk, samstundes som dei stend stødt planta i Telemarkstradisjonen. Songesong er ulikt anna, nytt og gamalt samstundes, utforma og framført av to folkemusikarar av i dag.

Albumet Så vide fara dei lindarord inneheld åtte sereigne og svært ulike balladar, her er er riddarballadar, eventyrballadar, skjemteballadar og ein eller to om attergangarar. Instrumenta til Sogesong - både til å strjuke og klimpre på - er det Sverre Jensen som stend bak. Han kan nemnast som ein guru når det gjeld norsk mellomaldermusikk, og har vore ein viktig inspirator for Sogesong.

Modellar til dei aktuelle instrumenta er henta i Numedal, Novgorrod og Valencia, - "så vide fara den snikkardreng". Plata blir slept i Oslo den 10. november. Øyonn Groven Myhren voks opp i ein familie der balladetradisjonen var livs levande. Seinare lærde ho hjå Hagny Huso (1932-2016) frå Vinje. Etter tusenårsskiftet har ho hatt fleire større komposisjonsoppdrag, såleis Nivelkinn og Runnartromma, som båe fekk stor fagning både hjå publikum og i pressa. I 2017 vann ho vokalklassa på Landskappleiken for tredje gong. 

Anne Hytta gjekk i lære hjå spelemannen Einar Løndal (1914-2006) frå Tuddal. Han var ein del av ein familie med både spelemenn og kvedarar. Sermerkt for Løndaltradisjonen er ein rik, distinkt ornamentikk med nært samband til folkeleg songradisjon. 

Anne arbeider i dag som frilans folkemusikar og komponist. Attåt å vera solist, og helvta av Sogesong, er ho ein del av trioen Slagr, og dessutan med i den internasjonale folk-strjukekvartetten Tokso.

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerar konserten saman med visefestivalen «Viser i sentrum».

22. november 2017

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.