Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Sudan Dudan i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Sudan Dudan i Årestoga

Onsdag 13.november kan du høyre dei i Årestoga på Raulandsakademiet.

«Ein opplagt kandidat til å bli ei av årets beste plater» skriv Dagblad –meldar Sven Ove

Bakke om den nye CD’en til Sudan Dudan, «Inntil i dag», der Odd Nordstoga har vore

produsent. VG er ikkje snauare med terningkast seks: «Det funklar av strengespelet deira,

henholdsvis langeleik og gitar, og stemmane deira skaper nokre av dei finaste duettane på

denne sia av Atlanteren.»

Med den hemningslaust kritikarroste utgjevinga stadfestar Anders Røine og Marit Karlberg

sin plass heilt i front av norske folkemusikkgrupper. Etter ei mengd konsertar på norske

scener og festivalar, samt turnear i inn- og utland sidan starten i 2003, har Sudan Dudan

fått eit stort og entusiastisk publikum, noko som i 2012 førde dei til arrangement som

Øyafestivalen og Vinjerock. No er dei på turné att, og onsdag 13.november kan du høyre dei i

Årestoga på Raulandsakademiet.

I materialet til Sudan Dudan finn me slåttespel og gamle viser frå Valdres, og duoen skildrar

det som ”møtet mellom Jotunheimen, Sahara og Appalachene, med originale arrangement

av norske folketonar, tydeleg inspirert av amerikansk old time musikk og vestafrikansk

ørkenblues. ”

Det er Folkemusikkscena på Rauland som står bak arrangementet.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.